Hopp til innhold

– Alle kan springa!

77-åringen har sprunge kvar dag i 50 år, og meiner alle kan koma seg i joggeskoa med rett innstilling.

Ron Hill

77-åringen med den imponerande verdsrekorden er på plass i Stavanger for å springa Siddisløpet.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Den gråhåra briten i treningstights og joggesko ser ut som ein skjør og rynkete liten kvist, men har psyke som ein stut og sprett i ganglaget.

Ron Hill har ikkje gått ein dag utan å springe sidan 1964, og ein brystinfeksjon stoppar sjølvsakt ikkje legenden når han nå er på besøk i Stavanger for å springa Siddisløpet.

– Alle kan springa! meiner han, og ingen unnskyldning kvalifiserer til skulk.

Den store hemmeligheten

– Du må berre gjere det, flirer han lystig.

– Berre gå til døra, gå ut, og set i gang. Etter ti minutter har du gløymt kor tungt det var å kome seg ut.

Skuffande enkelt tenker du kan hende. Kva med regn, vondter, andre gjeremål, eller rett og slett berre ein sofa tryglar deg om samkvem med mjuk stemme? Ikkje godt nok, meiner han.

"Dårleg" vær?

– Alltid kle deg godt, det er viktig å vera komfortabel. Ha på god jakke, og gjerne hette om det regnar. bomull er ikkje godt å springe i, det blir tungt av svette.

Ron Hill og jarl gaute Aase

lokal løpar Jarl Gaute Aase (t.v) er svært nøgd med at Hill er i byen for å kasta glans under Siddisløpet.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Sjukdom, skadar og vondter?

– Eg brakk brystbeinet i ei ulykke for nokre år sidan, og stakk ut for å springe før kona mi kom på besøk. Ho trudde eg kvilte, hehe...

Heller ikkje ein tå-operasjon skulle få han til å bryte rekorden sin, og løysninga var å springe med krykke.

– kva seier legane til slikt?

– Drit i det!

Sprek, glad og ung

– Eg har ikkje alltid lyst å springe. Av og til er det tungt å koma seg ut. Men så gjer eg det likevel, og etterpå følest det fantastisk.

Det er ikkje naudsynt å være sprekkferdig av springelyst, meiner han. Det held å vite kva det gjer med kropp og sinn.

– Springinga gjer meg sterk, glad og held meg ung.

Ron Hill

Vanlegvis spring han mellom seks og sju kilometer. Tre er eit absolutt minimum, meiner han.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Så langt har han lagt bak seg rundt 160000 kilometer. Alt blir loggført, og han har ingen planar om å slutte å springje eller slutte å telje meter.

– Kor lenge eg skal halde på? Til dei bèr kista mi til grava. Og turen dit skal førast i springe-loggen! Hahaha!