Roleg natt i fylket

Over heile landet har fleire trassa forbod og samla seg i store grupper ute natt til 17. mai. I Rogaland derimot melder operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt at dei har hatt ei roleg natt. Han trur surt og kaldt vêr i fylket har avgrensa uteaktiviteten.