– Dei siste 12 månadene har 9.117 kundar fått innvilga avdragsfridom på bustadlånet for ein periode, fortel kommunikasjonsdirektør Thor Christian Haugland i Sparebank 1
SR-Bank i Stavanger til
.
Han seier mange raskt kjem tilbake i ein situasjon der dei er i stand til å betene lånet på normalt vis.
- Les også:
- Les også:
Regiondirektør Gaute Thise Jacobsen har eit klart råd til alle som kjenner at det er vanskeleg å få økonomien til å gå i hop:
–Søk hjelp før det er for seint. Ver ærleg overfor venner. Det er heilt greitt å ikkje vere med på alt, seier han.
Tøffe samtaler
Thise Jacobsen seier førespurnadane til banken har endra seg den siste
tida.
– No er det andre typar samtalar. Folk har gjerne hatt svært god lønn og lagt seg til eit høgt forbruk. Så misser dei jobben og treng hjelp til å styre forbruket. Kva er heilt nødvendig?
Kva er kjekt? Kva er rett og slett øydeleggjande? Slike samtalar kan vere tøffe, seier han.
- Les også:
- Les også:
Også på Nord-Vestlandet merkar bankkonsernet at fleire søkjer om utsetting på avdraga, mens frå Bergen melder Sparebanken Vest om ein annan situasjon.
– Mot alle odds går talet på kundar som ber om avdragsfridom
ned, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik.