Hopp til innhold

Skal selje reker som er dyrare enn hummar

No kjem det første storstilte oppdrettet i landet av tropiske kongereker til 700 kroner kiloet. – Dyrare enn både hummar og kongekrabbe, påpeikar tidlegare landslagskokk.

Kongereke-oppdrett

Tropiske kongereker er ei eksklusiv matvare, som vil koste 700 kroner for eitt kilo når Happy Prawns leverer dei første i februar neste år.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Dei er fine då, eller er det berre sånne som meg som synest det?

Gründer Magnar Hansen i selskapet Happy Prawns ler hjarteleg etter å ha dratt opp håven med nokon av dei 2000 tropiske kongerekene frå det 12.000 liter store karet.

Anlegget står i ein tidlegare rekefabrikk i Sirevåg i Hå.

Daglig leder Magnar Hansen i Happy Prawns

Dagleg leiar, og gründer bak selskapet Happy Prawns, Magnar Hansen med kongereker i håven.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ideen om tropiske kongereker dukka opp då det gjekk skeis i oljenæringa. Først starta han med saltvassakvarium i garasjen som hobby.

Etter to og eit halvt år med intens jakt på løysingar er akvarieentusiasten frå Sola klar til å starte storskala oppdrett av tropiske kongereker i lukka oppdrettstankar.

Eksklusiv matvare

Det tar fem månader frå kongerekene er egg til dei er stor nok til å seljast. Og det er ei eksklusiv matvare som sym rundt i karet. 700 kroner for eitt kilo, så kjøparane er restaurantar i det øvre sjiktet.

– Vi skal ikkje konkurrere mot dei utanlandske rekene. Dette er eit heilt nytt produkt, ingen har tidlegare sett dagsferske kongereker i Noreg, seier Hansen.

Tropisk kongereke - Happy Prawns

Magnar Hansen matar dei tropiske kongerekene med gulrøter, mais og spinat for at dei skal få den riktige smaken.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ingen utslepp

Noreg importerer store mengder kongereke, men industrien er ein miljøversting med store øydeleggingar av regnskog og korallrev.

– Det som er så kult med dette konseptet er at vi kan ligge midt i ein by, eller på ein fjellknaus for den del. Det handlar om å ha kort veg til marknaden. Dette er Noregs reinaste form for oppdrett, utan noko utslepp. Det er litt stas å kunne seie det, for det er ikkje all akvakultur som kan skilte med det.

Daglig leder Magnar Hansen i Happy Prawns

Testtanken er på 12.000 liter og har 2000 kongereker. Når produksjonen er i gang skal det skje i 20 tankar som kvar er på 30.000 liter.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Sauda eller Hå

Hansen vil levere dei første kongerekene for sal tidleg neste år. No blir det jakta på investorar som vil vere med vidare på kongereke-eventyret.

Gründeren er klar til å bygge ny produksjonshall til 25 millionar kroner allereie i januar viss pengane kjem.

Målet er ein årleg produksjon av over 300.000 kongereker.

– Det er klart det er litt vanskelegare å hente inn kapital når det er noko nytt og litt sprøtt, og det ikkje handlar om laks, seier Hansen.

Men interessa frå investorar har vore der heilt frå starten.

Kviamarka i Hå eller Sauda er to stader som peikar seg ut som aktuelle produksjonsstader.

– Grunnen til at dei to stadene er aktuelle er spillvarme frå eksisterande industri som kan brukast til å varme opp bygget vårt og oppdrettsstakane, seier Hansen.

Mykje skepsis

Magnar Hansen har møtt med mykje skepsis, også frå Havforskingsinstituttet i Bergen.

Men no har Mattilsynet og Fiskeridirektoratet, etter ein del grubling, gitt alle løyve til Happy Prawns.

Kongereke

Dei store stamrekene kan kvar produsere opp imot 200.000 egg, og det trengst berre nokre få for å forsyne eit stort oppdrettsanlegg med nok egg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Mattilsynet skriv i løyvet sitt at «Oppdrett av tropiske kongereker har Mattilsynet lita erfaring med, og kunnskapen vi har er i stor grad komme frå jobben med denne søknaden».

Gründer Magnar Hansen har opplevd at avgjerda sat litt langt inne.

– Heilt i starten var dei samde med andre i oppdrettsbransjen at eg var litt galen. Men folk har etter kvart forstått at dette er eit nytt produkt, som har godt av å bli reinvaska av eit norsk firma.

– Lita kundegruppe

Karl Erik Pallesen er innehavar av Fisketorget i Stavanger, og tidlegare landslagskokk. Han har følgjande å seia om rekeoppdrettet.

– Eg trur at dette produktet blir populært inn mot high-end sushirestaurantar, ikkje berre i Noreg, men kanskje òg Norden, og dessutan betre restaurantar som jaktar etter spesielle norske råvarer. Med ein pris på heile 700 kroner kiloet så vil kundemassen vera liten, men eksklusiv. Det er jo dyrare enn hummar og kongekrabbe i kilopris, seier han.

Karl Erik Pallesen

Karl Erik Pallesen er innehavar av Fisketorget i Stavanger, og tidlegare landslagskokk.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Han peikar på at liknande råvarer som er importerte allereie er populært blant nordmenn, men då til ein heilt annan kilopris.

Spennande satsing

– Dette er ei spennande satsing, og ein oppdrettsmetode som kan lykkast, sjølv om produkta får ein høg pris.

Anita Viga, markedsdirektør SKretting Global

Marknadsdirektør Anita Viga i Skretting Global har tru på oppdrettsløysinga til Happy Prawns.

Foto: Skretting

Det seier marknadsdirektør Anita Viga i Skretting Global.

Skretting, som ein av verdas leiande fôrprodusentane i oppdrettsnæringa, leverer i dag fôr til oppdrett av kongereker i Ecuador, Vietnam og India. Der skjer oppdrett av kongereker i hovudsak i dammar.

Skretting driv sjølv forsking på reker i lukka kar med kontrollerte miljøvilkår.

– Det er viktig å finne løysingar som er berekraftige. Dette kan bli ein del av framtida for å skaffe befolkninga i verda nok mat, seier Viga.