Hopp til innhold

Rogalands Avis fekk svi i fjor

Forsøket med å gå over til tredagarsavis for Rogalands Avis i fjor, blei svært dårleg tatt imot av abonnentane. Meir enn kvar femte sa takk for seg.

De største avisene Rogaland har mistet mange lesere, både på papir og nett. Haugesunds Avis og Rogalands Avis hadde en nedgang på nesten 10 prosent i fjor, viser tall fra Mediebedriftenes landsforening. Også Stavanger Aftenblad går nedover.

2014 var ikkje eit godt år for Rogalands Avis.

Opplagstala for stavangerbaserte Rogalands Avis er ikkje hyggeleg lesnad for sjefredaktør Bjørn G. Sæbø. I reine tal viser dei ein tilbakegang frå 7709 aviser i 2013 til 5952 aviser i fjor. Det er ein nedgang på mellom 22 og 23 prosent.

Bjørn G. Sæbø

Sjefredaktør i Rogalands Avis, Bjørn G. Sæbø, meiner han ikkje hadde noko anna val enn å gå for tredagarsavis i fjor.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Avis tre dagar i veka

Sjefredaktøren meiner likevel at dei ikkje hadde noko val.

– Det var enten å skjera ned kostnadane kraftig eller å gå konkurs, seier Bjørn G. Sæbø.

Det positive som skjedde var at dei kutta kostnadane så mykje, at Dagsavisa var viljug til å kjøpa dei opp på hausten i fjor, fortel sjefredaktøren.

Lesartala er stabile

Sæbø meiner også at ein foreløpig abonnementsauke på 500 hittil i 2015, viser at Rogalands Avis også skal fortsetje å gi ut avis i tida framover.

– Lesartala våre, samla på papir, pc og mobil, viser at dei er nokolunde stabile. Det er om lag 50 000, som les oss kvar dag. Problemet er å kunne samanlikna med tidlegare år. Fjoråret var for eksempel første året me målte mobilbruk, seier Sæbø.

Aviser

Tendensen er at papiravisene går tilbake, men også auken i digital lesing av aviser ser ut til å stoppe opp.

Foto: Anders Fehn/NRK

Taper lesarar på Haugalandet

Haugesunds Avis har bak seg fleire vanskelege år, og nedgangen fortsette i 2014.

– Det positive er at nedgangen har stabilisert seg dei siste seks månadane, seier Arnstein Olaisen, ansvarleg konstituert redaktør i avisa.

Likevel må Olaisen sjå at talet på lesarar har gått ned frå 78 000 i 2013 til 72 000 i fjor. Den nedgangen i lesarar utgjer om lag 7.5%.

– Dette er ikkje noko nytt for oss. Me ser at me får stadig hardare konkurranse frå andre typar media, seier Olaisen.

Aftenbladet fortset nedgangen

Stavanger Aftenblad har ein nedgang i opplagstal både digitalt og på papir. Tala for 2014, viser ein reduksjon på 1.2 prosent frå året før, og endar på 58 544.

Lars Helle

Sjefredaktør Lars Helle i Stavanger Aftenblad opplever nedgang i både talet på lesarar og på abonnentar.

Foto: Lars Idar Waage / Stavanger Aftenblad

Når det gjeld lesartal, så går dei ned med 2 prosent. Det er til saman 214 000 personar, som les Aftenbladet på papir, pc og mobil, kvar dag.

Sjefredaktør Lars Helle er, det han sjølv karakteriserer som, "ganske nøgd" med 2014. Nedgangen har bremsa opp, utan at han seier at krisa er over.

– Dei siste åra har me mista like mykje inntekter som i finanskriseåra etter 2008, seier han. Berre med den forskjellen at det ikkje er finanskrise lengre og at dei fleste andre næringar gjer det veldig godt.

– Me er midt inne i ei omstilling som ennå kjem til å gå føre seg nokre år, seier Helle.