Hopp til innhold

Rogaland kan vekse – seier ja til vestlandskommunar

Eit bru-nei kan få fylkeskartet til å endra seg på Vestlandet. Eit fleirtal av politikarane i Rogaland vil ta kontakt med kommunar i Sunnhordland for å få dei til å melde overgang.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

Manglande støtte til den planlagde milliardbrua, Hordfast, får ordførarar til å snu ryggen til Vestland

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

– Me har også opplevd å bli oversett i andre saker, etter at Hordaland gjekk saman med Sogn og Fjordane. Dette var dråpen som fekk det til å renna over, seier ordførar i Stord i Sunnhordland Jakob Bjelland (Sp).

Han er frustrert over eigne fylkespolitikarar i Vestland som ikkje lengre vil prioritera bygging av bru frå Stord og nordover mot Bergen.

Jakob Bjelland

Jakob Bjelland er fungerande ordførar i Stord og meiner at kommunen sine synspunkt har blitt ignorerte.

Foto: Mette Anthun / NRK

Nå vil han ta med Stord og flytta sørover inn i Rogaland. Dit er alt fastlandssambandet på plass. Han får støtte av Mona Kverne på Amfi kjøpesenter i Leirvik.

– Ja, eg kunne godt ha tenkt meg å bli rogalending, for dei har masse bra tilbod i Haugesund, seier ho.

Mona Kverne

Mona Kverne skiftar gjerne fylke

Foto: Rosa Villalobos / NRK

Ifølge Bergens Tidende er det fleire andre kommunar i Sunnhordland, slik som Etne, Sveio og Fitjar, som heller ikkje avviser tanken om å bytta fylke.

Måndag sende partia Ap, Sp, KrF og Venstre i Vestland ei felles pressemelding der dei snur og støttar prosjektet Ferjefri E39. Hordfast blei ikkje nemnt.

Vestland fylkesting har møte tysdag, og da kjem ei avgjersle i sjølve brusaka.

Det rører seg i sør

Utviklinga har fått fylkespolitikar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (KrF) til å varsla eit spørsmål i komande fylkesmøte. Der spør ho om fylkesordføraren vil kontakta Sunnhordlandskommunane og diskutera den nye situasjonen.

Solveig Ege Tengesdal

Solveig Ege Tengesdal (KrF) vil invitere Sunnhordlandskommunane sørover

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Dette set fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap) i ei skikkeleg knipe. Ho veit det ikkje blir godt tatt imot i Vestland, om ho byrjar å "fiske i rørt vatn".

Nå går dei på kattepoter

Fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp), nektar å kommentera saka. Hans argument er at Vestland fylke ennå kan koma til å snu om prioriteringa av Hordfast.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak, seier på si side at det er ho som avgjer kva Rogaland skal gjera i denne saka, uansett fleirtal i fylkespolitikken.

Marianne Chesak

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap), vil ikkje koma på kant med sin Vestland-kollega

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er ikkje ei sak som skal opp til avstemming, men eit spørsmål til møtet, seier Chesak, som presiserer at det endeleg svaret hennar kjem i fylkesutvalet.

Fleirtal for å ta kontakt

I ein ringerunde i sist veke, fekk NRK Rogaland stadfesta at det var fleirtal i fylkesutvalet for å ta kontakt med kommunane. Men med 8 mot 7 stemmer er det eit snautt fleirtal.

Fylkesordførar Chesak meiner at nå er det viktige å visa respekt for naboen i nord, for som ho seier:

– Tenk om det var Vestland-ordføraren som tok kontakt med nokre av våre kommunar, etter eit lite frieri den vegen.

Uansett så er det innbyggjarane i Sunnhordlandskommunane som får det endelege ordet, og tidlegast kan det skje ved neste kommuneval. Verken Tommy Eide eller Anita Jensen i Leirvik, er klar for å bli rogalendingar.

Tommy Eide og Anita Jensen på kjøpesenter i Leirvik i Stord

Dei er heilt samde i at dei tilhøyrer Vestland

Foto: Rosa Villalobos / NRK

– Dette er det dummaste forslaget eg har høyrt på lenge. Me er og blir verande ein hordalandskommune, seier Jensen.