Det er verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) som ber kommunane i det store verneområdet avklara om dei ønsker at det skal setjast i gong ein formell prosess for å endra verneform frå landskapsvernområde til nasjonalpark.
Bjørn Laugaland er styreleiar i verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.
Foto: Magnus StokkaDet store verneområdet strekkjer seg frå Suldal i nord til Kvinesdal og Hægebostad i Vest-Agder i sør (sjå kart).
– I verneområdestyret ser me at det er fleire moglegheiter til å få statlege midlar til å forvalta områda gjennom nasjonalparkstatus. Erfaringar frå andre plassar er også at nasjonalparkar trekkjer til seg fleire folk, noko som slår positivt ut for nærings- og reiselivet, seier styreleiar i verneområdestyret for SVR-området, Bjørn Laugaland.
Styreleiaren meiner det ikkje er så store forskjellar på landskapsvernområde og nasjonalparkar, men påpeikar at nasjonalparkar har eit strengare vern.
Tre moglege nasjonalparkar
I dag finst det 46 nasjonalparkar her i landet, men ingen i Rogaland og Vest-Agder. Det kan det altså bli ei forandring på. Sekretariatet for SVR-området peikar på tre moglege nasjonalparkar (sjå kart).
- Ein stor tradisjonell nasjonalpark på 780 km² i sentralområdet, som omfattar dei allereie verna statlege areala i Njardarheim og Bykle, Hjelmeland og Suldal statsallmenning (Sirdal, Valle, Bykle, Hjelmeland og Suldal kommunar).
- Ein liten «turisme»-nasjonalpark på 50 km² ved Kjerag i Forsand kommune.
- Ein mindre tradisjonell nasjonalpark på 100 km² i området ved Knaberøysa (Hægebostad, Kvinesdal og Åseral kommunar) og/eller Holmevatn (Bygland, Åseral og Kvinesdal kommunar).
I brevet verneområdestyret har sendt til kommunane i verneområdet, blir det samstundes understreka at det er mogleg å oppretta nasjonalparkar òg andre stader.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skepsis i Forsand
Forsand-ordførar Bjarte Dagestad.
Foto: Magnus StokkaStyreleiar Laugaland trur ein nasjonalpark ved Kjerag er minst aktuelt på grunn av sterk lokal motstand. Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H) minner om Preikestolen nasjonalpark som tidlegare er stemt ned av kommunestyret.
– Me meinte den gong at områda er godt nok regulerte frå før og at lokal styring fungerer godt. Eg trur det politiske miljøet i Forsand generelt er imot ein nasjonalpark i dag også, kommenterer Dagestad.
For at Klima- og miljødepartementet skal starta ein formell verneprosess må det vera fleirtalsvedtak i dei aktuelle kommunestyra. Styreleiar Laugaland trur det er ein veg å gå før me får ein eller fleire nasjonalparkar i Rogaland.
– Eg trur det vil ta tid. Det er snakk om modningstid, og eg trur ikkje dette er A4 å få til.