Hopp til innhold

Rogaland kan få fleire nye asylmottak

UDI har fått tilbod om drift av 22 nye asylmottak i Rogaland. Desse kan til saman huse om lag 3750 asylsøkarar.

Asylmottak på Forus

Asylmottaket på Forus blir drifta av Abri Vekst. Selskapet ynskjer no å drifte fleire nye mottak i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka, NRK

– Me har fått inn 32 tilbod i vår region. Og ein høg del av dei er i Rogaland, seier fungerande regiondirektør ved regionkontor Vest i UDI, Sissel Mehammer.

11. april hadde UDI innleveringsfrist for tilbod om drift av asylmottak med til saman 10 000 plassar.

Kommunar, organisasjonar og private har levert inn ulike tilbod om drift av mottak i alle landsdelar.

Totalt kom det inn tilbod om 15 600 plassar fordelt på 97 mottak. Ein stor del av desse tilboda kom frå Rogaland.

– Me ser veldig positivt på det. Me har jo tradisjonelt hatt ein del mottak i Rogaland, og me har hatt eit godt samarbeid med mange vertskommunar, seier Mehammer.

Nye aktørar vil drifte mottak

Abri Vekst, som i dag driftar landets største mottak på Forus i Stavanger, er blant aktørane som no ynskjer å drifte fleire. I tillegg er det også nye aktørar som har søkt om å få starte mottak.

Sissel Mehammer i UDI

Sissel Mehammer er fungerande regiondirektør ved regionkontor Vest i UDI.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein ny aktør som har lagt inn mange tilbod er selskapet Humaq AS. UDI ser positivt på at nye selskap melder seg på.

– Me er glade for at det kjem nye aktørar inn på marknaden, fordi me treng mange nye mottaksplassar, seier Mehammer.

Blir avgjort om nokre veker

No skal regionkontora i UDI vurdera tilboda som har kome inn, før dei avgjer kven dei vil signere kontrakt med. UDI antar at det arbeidet vil ta nokre veker.

– Førebels er me så tidlege i prosessen at me berre har registrert dei tilboda som har kome inn. No vil me sjå på kven som er kvalifiserte til å gå vidare i konkurransen, og så vil det bli ein forhandlingsrunde før konkurransen blir avslutta, seier regiondirektøren.

Kva vektlegg de når det skal avgjera kva tilbod de går for?

– Me vektlegger ulike sider ved kvaliteten på mottaksdrifta, og så vektlegger me prisen på mottaksplassane, seier Mehammer.

Desse vil drifte asylmottak på Vestlandet

Kommune

Tilbyder

Totalt antall plasser

Stavanger

Humaq AS

180

Sola

Humaq AS

180

Sandnes

Humaq AS

180

Bergen #1

Humaq AS

180

Bergen #2

Humaq AS

180

Klepp

Humaq AS

180

Os

Humaq AS

180

Randaberg

Humaq AS

180

Karmøy

Humaq AS

180

Tysvær

Humaq AS

180

Haugesund

Humaq AS

180

Stord

Humaq AS

180

Fjell

Humaq AS

180

Strand

Humaq AS

180

Haugesund

Hero Norge AS

220

Stord

Hero Norge AS

170

Randaberg

Hero Norge AS

150

Haugesund

170

Randaberg

Abri Vekst

150

Sandnes

Abri Vekst

150

Eigersund

Abri Vekst

150

Sola

Abri Vekst

150

Stavanger

Abri Vekst

170

Stavanger

Abir Norge AS

150

Bergen

Abir Norge As

150

Sola

Sola kommune

140

Bergen

Orange helse

151

Stavanger

Metro Facilities

200

Radøy

Norsk Folkehjelp

140

Vindafjord

Førland mottaksdrift

150

Fjell

Lopex mottak AS

180

Eigesund

Stiftelsen SANA

180

Ekspander/minimer faktaboks

Desse vil drifte asylmottak på Vestlandet