Hopp til innhold

Røde Kors har tru på førstehjelp-TV

Måndag kjem Norges første interaktive TV-kanal, som berre handlar om førstehjelp.

Måndag kjem Norges første interaktive TV-kanal, som berre handlar om førstehjelp.

FØRSTEHJELP-TV: Den interaktive TV-kanalen kan både sjå videosnuttar og spela spel.

I dag lanserte Røde Kors og Lerdal Medical sitt omfattande samarbeidsprosjekt «Førstehjelpskanalen». Prosjektet har som mål å få opp folk sin kunnskap om førstehjelp gjennom internett og TV-apparatet.

Mange har gamal kunnskap

– Dei siste målingane me har på folk sine kunnskapar om førstehjelp seier at mange er villige til å hjelpa, men dei sit på gamal kunnskap. Me er derfor urolege for at mange ikkje veit korleis dei skal hjelpa til, når ulukka er ute, seier Peter Meyer i Røde Kors.

Derfor håper dei at pedagogiske videoar og spel, som inneheld den nyaste kunnskapen, skal bli tatt godt imot.

– Her får folk svar på korleis me skal ta vare på kvarandre i det daglege, og når ulukka skjer. Det er også ein viktig kanal for dei som har småbarn, mange ulukker skjer i heimen, og foreldre lurer ofte på kva dei skal gjera når barna deira blir sjuke, seier Meyer.

På TV og nett

Kanalen er allereie å finna på Røde Kors og Lerdal sine nettsider, i tillegg til at dei som har Altibox-mottakar på TV-en sin kan sjå kanalen på denne frå og med måndag.

Meyer understrekar at kanalen ikkje er meint som ein erstattar for dei tradisjonelle kursa.

– Dette er både læring, men også teaser på at ein skal ønska å læra seg meir, og derfor gå på kurs med Røde Kors, seier han.