Rockfest er redda

Ein kvart million kroner er allereie samla inn til Rockfest i Haugesund, etter ein sms-aksjon til støtte for festivalen.

Vokalist Tom Chaplin i Keane på scenen i Nuerberg i Tyskland i 2006

Vokalist Tom Chaplin i Keane spelte på Rockfest

Foto: MICHAEL GOTTSCHALK / AFP

Årets Rockfest i Haugesund gjekk med 600.000 kroner i minus.  Festivalleiinga vurderte ei stund å legge ned heile festivalen.

Men då kom næringsliv og politikarar til hjelp med både pengar og støtte.

Nå signaliserar festivalsjef  Tom Erik Anfinsen at neste års Rockfest kan bli redda.

- Dette gir oss ein veldig god mulighet til å stå på for å få til ein god festival til neste år, seier han.

Ein av dei to butikkeigarane, som starta innsamlingsaksjonen, er Per Sigurd Velde.

- Det har vore ein god respons heile vegen, seier han.

- Men me var i tvil om dette også førte til klingande mynt. Når me har nådd 250 000 kroner på halvanna veke, så er me nokså trygge på at dette blir bra til slutt, seier Velde.

- Derfor er det nå veldig hyggeleg at signalet om å fortsetja kjem frå festivalleiinga, seier han.

Ikkje overraska

- Med fare for å bli misforstått, så er eg ikkje overraska over at haugesundarane er så gavmilde, seier festivalsjef Tom Erik Anfinsen.

Han seier at Haugesund har mangla ein rockefestival på sommarstid. Det er også derfor han trur at folk stiller opp og støttar når det verkeleg trengs.

- Nå skal me stå på fram mot neste år for å få gode artistar og band til festivalen, seier Anfinsen.