Fakta
Robin + Vesle John = sant
I går kunne vi lesa i avisa at den store tyske komponisten Georg Friedrich Händel truleg var homofil.
I alle fall var det ein forskar som meinte å ha funne klare teikn på det etter å ha studert Händels mange verk. Nå er det altså gamle Robin Hood frå Sherwood-skogen som skal avslørast. Han var ein undertrykt homse, meiner homofile i England som trur at Robin og våpendragaren hans Vesle John var meir enn berre vener og kollegaer.
Frøken Marian - heterofilt alibi
Nå er det vel så at det for dei fleste av oss ikkje spelar så stor rolle kva slag seksuell legning folk i farne tider må ha hatt. Kanskje hadde Händel skrive ein annan slags musikk om han hadde likt damer betre enn menn, men det får vi aldri vita. Når det gjeld Robin Hood må vi tilstå at også i hans tilfelle kan det vera det same for oss om han var sambuar med Vesle John eller med frøken Marian. Vi får aldri vita kva som er sant likevel, for diskusjonen om Robin Hood har det til felles med diskusjonen om pavens skjegg at han er nokså meiningslaus. Det blir ein disusjon om noko som ikkje finst, for pavane har aldri hatt skjegg og Robin Hood har truleg aldri eksistert. Om han har det, kan det henda at han berre var ein frustrert skogvaktar som rauk uklar med skogeigaren, men mest sannsynleg er det at han er ein legendefigur som aldri har levd anna enn i balladar og fantasifulle soger.
Veit meir om Robin enn om Jesus
Der har han til
gjengjeld levd både godt og lenge, for så vidt vi skjønar lar stadig nye generasjonar av barn seg forlysta med dei livlege historiene om den fredlause Robin og gjengen hans som gjorde livet surt for sheriffen i Nottingham. Ei fersk undersøking viser at britar flest veit meir om Robin Hood enn om Jesus, og seriøse professorar deltar framleis i diskusjonen om den store helten som tok frå dei rike og ga til dei fattige.
Nå har eit par av dei altså funne ut at han var homofil, men at balladane frå middelalderen ikkje kunne nemna det fordi homofili var eit tabuemne i den tida. Professorane peikar på at kjærasten Marian ikkje dukkar opp i litteraturen før på 1500-talet. Då var ho eit påfunn som skulle gi Robin Hood eit heterofilt alibi.
Det går ikkje klart fram av meldingane frå England kva det er som har fått forskarane til å mistenkja gamle Robin for å vera homo, og det same kan det vera. Historiene om han er like underhaldande anten han er det eine eller det andre.