Hopp til innhold

Ris eller ros?

Har du synspunkt på innhaldet vårt? Ris eller ros? Det nærmar seg eit nytt møte i distriktsprogramrådet for NRK Rogaland. Har du noko du vil ta opp med rådet, kan du nytte sjansen no.

Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert oppnemnt av fylkestinget for fire år om gongen.

Therese Anita Holmen er leiar av distriktsprogramrådet her i fylket. Leif Christian Andersen er nestleiar og Inge Håvard Aarskog, Gro Skartveit og Bjørn Sæstad er medlemer av rådet.

Distriktsprogramrådet for NRK Rogaland

Frå venstre: Ragnar Christensen (distriktsredaktør), Therese Anita Holmen (leder), Inge Håvard Aarskog, Gro Skartveit, Leif Christian Andersen og Sissel Hansen Tysse (vara). I tillegg sit Bjørn Sæstad i distriktsprogramrådet for NRK Rogaland.

Foto: NRK Rogaland

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar, lesarar og sjåarar.

Dersom du er misnøgd eller glad for saker og program som NRK Rogaland har laga, er det naturleg å ta det opp med leiinga av distriktskontoret. Men du kan også klage eller rose til distriktsprogramrådet.

Distriktsprogramrådet kan du nå ved å sende e-post.