Hopp til innhold

Skulevegen har vore stengd 12 gonger i vinter

Riksveg 13 gjennom Brattlandsdalen mellom Røldal og Suldal har vore stengd 12 gonger i vinter grunna ras eller fare for ras. Innbyggjarane i bygda Lono fortvilar, men Vegvesenet har ikkje pengar til rassikring.

Rv 13 gjennom Brattlandsdalen mellom Røldal og Suldal har i løpet av vinteren vært stengt 12 ganger på grunn av fare for ras. De som bor i området fortviler, men Vegvesenet har ikke penger til rassikring.

SJÅ REPORTASJEN: Riksveg 13 Brattlandsdalen har vore stengd 12 gonger i vinter.

Det er ikkje første gong i vinter familien Nybø må halda seg heime i den vesle bygda Lono denne vinteren. Heile 12 gonger har snøskred eller rasfare ført til at vegbommen har blitt senka i løpet av vinteren. Søskenparet Madli og Udmund Nybø har mista 14 skuledagar som følgje av den stengde vegen.

Søskenparet Madli og Udmund Nyb

SØSKENPAR: Madli og Udmund Nybø

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Då kan me ikkje treffa venner og får heller ikkje gjort skulearbeid, seier Udmund.

– Og då blir me liggjande etter, seier søstera Madli.

«Småpengar»

På nabogarden er bonde Erik Inge Bakka sikker på kva som må til for å få ein sikker og påliteleg veg:

– Pengar på bordet.

Men Statens vegvesen har berre 3,5 millionar kroner til mindre utbetringar i denne perioden på Nasjonal Transportplan (NTP).

– Det ligg ikkje spesifikke rassikringsmidlar til denne strekninga. Det får me jobba vidare med inn mot neste NTP, seier Ivar Thorkildsen, seksjonsleiar Statens vegvesen.

– Rassikring må til

Kati Nybø

MOR: Kati Nybø

Foto: Thomas Halleland / NRK

For at familien Nybø framleis skal kunna bu i den vesle bygda, må dei vera sikre på at dei kjem seg til og frå som dei vil.

– Eg trur nok det er rassikring som må til. Me håpar jo at det ikkje er slik dei komande vintrane, men me veit jo ikkje sikkert, seier Kati Nybø.