Hopp til innhold

Ber uvaksinerte tilsette finne seg ny jobb. – Heilt uakseptabelt

Med mykje smitte innanfor selskapet har Transocean bede alle tilsette om å vaksinere seg viss dei vil fortsette i jobben. Dette er i strid med lova, seier Arbeidstilsynet.

Riggselskapet Transocean krev at alle tilsette skal vere vaksinert mot covid-19.

Riggselskapet Transocean krev at alle tilsette skal vere vaksinert mot covid-19.

Foto: Marie Håland / NRK

« ... Alle skal ha fått tilbod om å vaksinere seg. Dei som har valt å ikkje gjere dette vil nok måtte finne seg anna arbeide»

Dette står i ein e-post NRK har fått sett, sendt av leiinga i riggselskapet Transocean til sine nesten 1600 tilsette.

Det var på tysdag leiinga gav den klare beskjeden til dei tilsette. I tillegg sa dei at uvaksinerte som eventuelt blir smitta, må ta dei økonomiske kostnadane sjølv.

Det var E24 som først omtalte situasjonen hos Transocean.

Opplever det som ein trussel

– Dei tilsette reagerer veldig, uavhengig av kva vaksinestatus dei har. E-posten er skrive som ein trussel, seier Steinar Nesse til NRK.

Steinar Nesse er tillitsvalt i Safe-klubben i Transocean. Han seier fagforeininga støtter FHI sine råd, men ikkje slike tiltak som leiinga i Transocean kjem med.

Steinar Nesse er tillitsvalt i Safe-klubben i Transocean. Han seier fagforeininga støtter FHI sine råd, men ikkje slike tiltak som leiinga i Transocean kjem med.

Foto: privat

Han er tillitsvalt i Safe-klubben i Transocean, og seier dei tilsette i selskapet ikkje har det bra akkurat nå.

– Folk er frustrerte over måten dei blir snakka til på. Og nokon er bekymra for arbeidsforholdet sitt.

Direktør i Transocean Noreg, Rune Kvål, har ingen kommentar til saka.

Kan bli straffa

Tyske helsearbeidarar og eit dansk shippingselskap har fått vaksineplikt, og CNN har allereie måtta sagt opp tre tilsette som ikkje var vaksinerte.

Men i Noreg er ikkje dette lov.

Avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet Monica Seem

Avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet, Monica Seem, seier arbeidsgjevarar kan innføre smitteverntiltak, men at dei ikkje kan tvinge på vaksinar.

Foto: Thor Nielsen / Thor Nielsen

– Nei, arbeidsgjevar kan ikkje tvinge tilsette til å ta koronavaksine, seier avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet, Monica Seem.

Ettersom dei ikkje har ført tilsyn med Transocean, så svarer ho på eit generelt grunnlag.

– Å ta vaksine er frivillig i Noreg. Som hovudregel kan arbeidsgjevar verken spørje om arbeidstakar har tatt vaksine, om arbeidstakar har hatt korona eller be om at vaksinesertifikat leggjast fram.

Det er straffbart å krevje at arbeidstakar er vaksinert. Straffa er bøter og/eller fengsel i inntil eit år.

Skaper ingen tillit

Hilde-Marit Rysst er leiar i Safe, og meiner det er heilt uakseptabelt av ei bedrift å sende ut ei slik melding som Transocean har gjort.

– Me opplever at dei ikkje følgjer norsk lov. Dei skaper ingen tillit, ingen løysingar og bryt topartssamarbeidet.

Hilde-Marit Rysst

Leiar i Safe, Hilde-Marit Rysst, sett eit spørsmålsteikn ved heile situasjonen og håper leiinga ved Transocean ordnar opp.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Ho har ikkje høyrt om andre selskap innan olje- og energinæringa som opplever å vere i same situasjon som Transocean.

– Eg håper dette er eit eingongstilfelle og at leiinga i Transocean ryddar opp i dette. Me som forbund støtter klubben og enkeltmedlemmar nå, og skulle det oppstå etterspel av dette så følger me saka til endes, seier Rysst og legg til:

– Å truge med generell oppseiing og personleg økonomisk ansvar er oppførsel som tilhøyrer heilt andre tider og kulturar enn norsk arbeidsliv.