Hopp til innhold

Hotell stenger ikkje trass streik

Måndag går til saman 141 hotelltilsette i Haugesund ut i streik. 100 av desse jobbar på Rica Maritim Hotell. Likevel vil hotellet halde ope.

Rica Maritim vil ikkje stenge dørene, sjølv om 100 tilsette blir tekne ut i streik på måndag.

RÅKA AV STREIK: Rica Maritim Hotell i Haugesund vil ikkje stenge dørene, sjølv om 100 tilsette blir tekne ut i streik.

– Me er i stand til å ta imot gjestane som kjem på måndag. Mange av dei har planlagt arrangementa sine i fleire år, og gler seg til å koma, fortel hotelldirektør ved Rica Maritim hotell i Haugesund, Reidar Vestre.

Frå måndag morgon går til saman 385 fagorganiserte hotell- og servicetilsette i Rogaland ut i streik. 100 av desse jobbar ved Rica maritim hotell i Haugesund, men hotellet vil likevel halde ope.

Reidar Vestre

VIL IKKJE STENGE: Direktør Reidar Vestre vil halde dørene opne sjølv om det er streik.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Romma er reine, kurs- og konferanseavdelinga er bemanna, og resepsjonen er bemanna. Så på måndag morgon så tek me imot gjestane våre, fortel hotelldirektøren.

Skeptiske

Det er høgare lønn og moglegheita til å forhandle lønn lokalt konflikten, mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv, dreier seg om.

At hotellet held ope under streiken, fell ikkje i god jord hos Fellesforbundet.

Steffen Høiland

SKEPTISK: Steffen Høiland i Fellesforbundet er skeptisk til at hotellet vil halde ope.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det som fort blir problemet er at ein får desse gråsonene opp mot streikebryting. Ein har nokre uorganiserte arbeidstakarar som ein kan nytta om dei allereie står på ei vaktlista. Men ein kan ikkje la dei utføre arbeidet til dei som står utanfor og er i konflikt, seier Steffen Høiland, leiar i Fellesforbundet i Haugesund.

Direktøren vil gjera jobben

Men hotelldirektøren ved Rica Maritim hotell seier at dei ikkje vil drive med streikebryting.

– Der skal me ha veldig ryddige former. Det er berre dei som har jobben dei har til dagleg, som skal utføra den jobben dei har til dagleg. Det er berre eg og eigarane som har lov til å gjera arbeid på alle avdelingane, fortel Vestre.

– Ser du at det kan bli utfordringar etter kvart?

– Ja, me må jo sove ein eller annan gong. Så me kjem nok til å kjenne det på kroppen. Me har ein veldig god konferansemånad no i mai, det same har me i juni. Så det skal bli tøft, avsluttar Vestre.