Hopp til innhold

Sikrar seg med pant på 300 millionar kroner

Fylkesrådmannen har sikra framtidige utbetalingar frå kjøpar av Dale med pant i eigedommen. – Men det vil alltid vera ein risiko med slike utbetalingar, skriv han.

Dale-området i Sandnes

Slik var utbyggingsplanane for Dale-eigedommen før Rogaland fylkeskommune måtte gi opp.

Rogaland fylkeskommune skal få utbetalt 31.5 millionar kroner for Dale-eigedommen, så snart kjøparen har fått konsesjon. Denne delen av betalinga ser fylkesrådmannen på som ganske uproblematisk.

– Eigedommen blir ikkje overført til kjøpar utan at kjøpesummar er betalt inn, skriv rådmannen i innstillinga til politikarane.

Les også: 73 millioner kroner skuslet bort på Dale

Betalingar i framtida er meir usikre

Fylkesrådmannen er meir uroa for dei pengane som kjøpar skal betala når han byrjar utbygging av hus og leilegheiter på den 4500 mål store eigedommen.

Trond Nerdal 2

Fylkesrådmann Trond Nerdal står i spissen for salet av Dale-eigedommen.

Foto: NRK

For dei første 159 bustadane, skal Rogaland fylkeskommune ta imot 250 000 kroner for kvar leilegheit, ifølge salskontrakten. Det er til saman om lag 40 millionar kroner. For ytterlegare husvære, skal RFK få 100 000 for kvar leilegheit.

Det er desse utbetalingane Rogaland fylkeskommune prøver å sikre at skal skje, dersom utbygginga nokon gong kjem i gang.

Les også: BR Industrier får kjøpe Dale

– Det vil alltid vera ein risiko for framtidige innbetalingar. Men me meiner me har sikra oss så godt som råd er ved å ta pant i eigedommen, seier Nerdal.

Prisavslag

Det er BR Industrier AS og TS Holding AS, som står bak kjøpet. Bak desse selskapa står Randabergmannen Bjørn Rygg og Thor Steinar Sandvik.

Dei har oppretta selskapet BTA Eiendom AS, som blir den offisielle kjøparen.

Dale asylmottak

Hovudbygninga frå den gong Dale-eigedommen var psykiatrisk sjukehus, er delvis verna.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Seint i salsprosessen kom det fram at dammen ved Dalevatnet, som ligg på eigedommen, treng utbetring. Fylkesrådmannen tilrår politikarane å godta eit prisavslag på ein million kroner, som følge av at dette har kome fram.

Les også: Refsar Dale-salet og fryktar for låg pris

Avhengig av konsesjon

Salet av Dale-eigedommen er avhengig av at kjøparen får konsesjon. Det er Sandnes kommune som skal avgjerde den søknaden. Det trur fylkesrådmann Trond Nerdal skal gå bra.

Les også: Sandnes kaster seg inn i kampen om Dale

– Nå har Sandnes kommune sjølv vore inne i eit anna tilbod på eigedommen. Så at Sandnes kommune skulle kunne nekte konsesjon, det har eg store problem med å forstå skal kunne skje, seier Nerdal.