Hopp til innhold

Rettsmøte avlyst i India-saka – barna får ikkje reisa heim

Den betente barnevernssaka i Stavanger, som har vore oppe på regjeringsnivå i Norge og India, skulle få ein ende i rettsmøte i morgon. Slik blir det ikkje skriv Stavanger kommune i ei pressemelding.

Gunnar Toresen, sjef Barnevernet i Stavanger

Sjef i barnevernet i Stavanger, Gunnar Toresen, seier at dei ikkje lenger har tiltru til at det vil bli inngått ein reell avtale mellom foreldra og onkelen i den omstridde India-saka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Indiske medium har kalla det statleg kidnapping og «Norway nightmare».

I januar var barnevernsaka så betent at utanriksminister Jonas Gahr Støre og den indiske utanriksministeren S.M. Krishna var i kontakt for å finna ei løysning.

Og i morgon skulle løysinga koma, og saka skulle få eit endeleg punktum.

Eit indisk syskenpar som blei tatt vekk frå sine indiske foreldre i Stavanger, skulle få reisa tilbake til India saman med onkelen sin. Å gje omsorgsretten til onkelen, var ei løysning alle partar for få veker sidan verka svært nøgde med.

Nye moment

Men nå har Stavanger kommune sendt ut ei pressemelding.

– Nye moment i saka har gjort det umogleg å utføra rettsmøtet i morgon, står det skrive i brevet som er underteikna kommunikasjonsrådgjevar i kommunen, Thomas Bore Olsen.

Det som ligg bak er ei stor usemje innanfor familiane til dei to foreldra. I går kom det fram at det var faren til dei to borna i India-saka som sjølv hadde kontakta barnevernet.

Noko som fekk indiske medium til å beklaga hardkøyret dei har hatt mot Norge.

Nå er dei to partane ikkje lenger samde om barna skal få veksa opp hos onkelen sin i India.

Foreldra i India-saka

STOR MEDIEMERKSEMD: Den såkalla India-saka har vekka stor mediemerksemd i India. Norge har mellom anna blitt kritisert for å ikkje ha nok kjennskap til Indisk familiekultur. Her er det omstridde foreldreparet direkte på Indisk TV frå NRK Rogaland sitt studio.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Barna må bli i fosterheim

Barnevernsjef i Stavanger, Gunnar Toresen, seier dei nå har blitt presentert for konfliktar i familien som har ført til at saka har utvikla seg i ein uheldig retning.

– Dei siste dagane har både foreldra og barnas onkel i fleire omgangar skifta standpunkt i forhold til avtalen som det i utgangspunktet var semje rundt. Barnevernstenesta har ikkje lenger tiltru til at partane vil inngå ein reell avtale, seier Toresen.

Stavanger tingrett skulle etter planen ta stilling til om den offentlege omsorg av barna i morgon kunne bli oppheva. Men nå er situasjonen uavklart, og dei to barna på tre og eitt år må halda fram med å bu i fosterfamilie i Norge.