I fjor sommar kjøpte journalistar i Stavanger Aftenblad 5 ecstasy-tablettar for å visa kor lett det er å få tak i det narkotiske stoffet i Stavanger. Artikkelen var ein av over 20 artiklar om narkotika-situasjonen i Stavanger.
Av omsyn til kjeldevernet har avisa nekta å gi opp namn på dei som sto bak kjøpet, og redaktøren var ikkje forespurt om kjøpet.
Derfor er det ikkje råd å trekka nokon konkret gjerningsperson til ansvar.
Einaste straffemåten er å straffa Stavanger Aftenblad som bedrift, og lagmannsretten meiner det ikkje er noko i vegen for å gi avisa ei foretaksstraff.
Sjøl om ein redaktør skal ha ei fri stilling i forhold til avisstyret, må eit avissstyre kunna ha rett til å instruera ein redaksjon på somme område, bl.a. når det gjeld val av arbeidsmetodar som i utgangspunktet er straffbare.
Retten meiner og at redaksjonen kjøpte ecstasy-tablettane på vegnet av foretaket Stavanger Aftenblad, det er ei forutsetning for å kunna bruka foretaksstraff.
Retten seier det må ei lovendring til dersom ein redaksjon skal stå heilt fritt i forhold til avisstyret.
Lagmannsretten kjem likevel til at avisa ikkje skal straffast, blant anna fordi ei straff i dette tilfellet ikkje ville hatt preventiv funksjon. Aftenbladet har høg etisk beredskap i forhold til mange presseetiske spørsmål, meiner retten, som også legg vekt på at avisa har endra dei etiske husreglane etter ecstasy-kjøpet.
Vidare seier lagmannsretten at narkotikakjøpet ikkje har vore til fordel for Aftenbladet, noko som og er ei forutsetning for å gi foretaksstraff.
Statsadvokat Inger Marie Sunde skal gå gjennom dommen for å vurdera ein eventuell anke til Høgsterett.