Det var brørne Kristian Søyland og Ingebret Søyland som i 1949 grunnla bedrifta «Bryne Jern og Treindustri», som seinare skulle bli kjent under namnet Brøyt A/S. Gravemaskinen dei produserte blei norsk eksportvare av høg kvalitet. Eller for å bruka Erik Bye sine eigne ord frå programmet.
– Brøyt sine maskinar grafsar og grev frå Svalbard i nord til Middelhavskysten i sør.
I programmet Idèbanken som gjekk på NRK i 1967 og 1968 besøkte han brørne Søyland og fleire lokale delprodusentar til Brøyt-maskinane.
Her er fjernsynsreportasjen frå då Brown Group International, som eigde Brøyt i 1990, gjekk konkurs. Dei fleste på gravemaskinfabrikken på Bryne mista då jobben. Trass dette er historia om Brøyt framleis eit stolt stykke industrihistorie på Jæren.
Dette innslaget blei sendt i Dagsrevyen i 1990.
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.