NRK Meny
Normal

Tilsette er flaue på grunn av hijab-saka

– Det er full semje om at hijab-nekt ikkje er på sin plass, seier representant for dei tilsette på sjukeheimen Blidensol i Stavanger, Toril Hinna.

Toril Hinna

FLAU: Representanten for dei tilsette på Blidensol sykehjem, Toril Hinna, har vore taus etter styret gjekk inn frå hijab-nekt. Nå fortel ho at ho synst det er flaut å jobba på sjukeheimen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Christine Sagen Helgø under id i juli 2014

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø har tidlegare sagt at hijab-forbodet på Blidensol er uakseptabelt. Dette bilete er frå ei id-markering i 2014 då Helgø valde å dekka seg til på hovudet for å visa respekt for muslimane på festdagen deira.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

i dag, tirsdag, skal den mykje debatterte saka opp i kommunalstyret for levekår.

Onsdag førre veke blei det kjent at styret i Blidensol sykehjem i Stavanger hadde gjort vedtak om å nekta tilsette å gå med hijab. Det blei teke opp som ei hygienesak.

– Det er rett og slett flaut. Flaut fordi at det stigmatiserer folk som brukar dette plagget, seier Toril Hinna.

Ho er representant for dei tilsette i styret ved Blidensol sykehjem. Sjølv stemde ho nei til forbodet, men nei sida var i mindretal. Det ikkje eit hygieneproblem med hijab, slår ho fast.

– Det er tydeleg at dette handlar om fordommar. Me har hijab på arbeidsplassen som dei kan skifta dagleg og dei blir vaska på lik linje med uniformene som me bruker. Eg har heller aldri opplevd at brukarane på sjukeheimen har reagert på bruk av hijab, seier Hinna som har jobba i elleve år på den private sjukeheimen.

Blidensol sykehjem

Blidensol sykehjem ligg på Åsen i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ingen kommentar frå sjukeheimen

På førespurnad frå NRK nektar styreleiar Dagny Pedersen Welle å kommentera saka nærmare, men stadfestar at fleirtalet i styret framleis står på vedtaket. Dette trass i at saka er meldt til politiet og teken inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet.

I tillegg har ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, kome med kraftig kritikk av forbodet.

Sidan den private sjukeheimen er kompetansesenter for demente i Stavanger og får driftsstøtte av kommunen, skal saka opp i kommunalstyret for levekår i Stavanger kommune. Her skal dei vurdera om rådmannen skal gå i dialog med styret på Blidensol og «koma fram til ei løysing».

Det er Sahfana M. Ali (Ap) som tek dette opp, og ho meiner at vedtaket er ulovleg.

Skal ta saka opp på ny i styret

Tilsettpresentant Toril Hinna fortel også om unison motstand mot forbodet, og seier at ho vil ta saka opp på ny i styret. Ho meiner at saka gir sjukeheimen eit dårleg rykte og at dei kan få problem med rekruttering av arbeidskraft i framtida.

– Det er full semje hos dei tilsette om at hijab-nekt ikkje er på sin plass, seier ho.