Reporteren testa ut attraksjonane

Sjå reportasjen frå 2006 - der stand-up-reporter Per Thime tar tittelen til nye høgder. Fleire attraksjonar i Kongeparken blei testa ut.

Sjå reportasjen frå 2006 - der stand-up-reporter Per Thime tar tittelen til nye høgder. Fleire attraksjonar i Kongeparken blei testa ut.

►Rogaland retro: Innslaget blei sendt første gong 21 juli 2006.

Det er sommar og mange reiser til Kongeparken i Ålgård.

For sju år sidan ville NRK-reporter Per Thime og fotograf Tom Edvindsen laga ein litt annleis sommarreportasje frå lystparken.

Her testa reporteren ut fleire av attraksjonan, noko som til tider gav eit komisk resultat.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK