Hopp til innhold

Rekordtidlege bringebær

Vanlegvis er ikkje dei norske bringebæra i butikkane før ut i juni. I år er dei klare fem dagar før nasjonaldagen.

Bringebærklase

Bringebæra blei klare 12. mai hos Jarle og Jone Wiig på Jæren. – Rekordtidleg, seier Martin M. Haarr, kvalitetsrevisor i Matmerk.

Foto: Martin Haarr

– Det er rekordtidleg i år, spesielt samanlikna med det seine fjoråret. Det er eit kunstverk som ligg i korgene nå, seier Martin M. Haarr, kvalitetsrevisor i Matmerk.

Haarr inspiserer gardar, frukt og grønt og dyr i jobben sin. Og det var eit flott syn som møtte han då han var på besøk til Jarle og Jone Wiig på Jæren i dag.

Kinakål frå Wiig

Jarle og Jone Wiig starta innhaustinga av kinakål i dag.

Foto: Martin Haarr

– Der heng bringebæra i store klasar. Det ser fantastisk ut, seier han entusiastisk.

Godt vêr gir tidlege bær

Dei tidlege norske bringebæra kom ut i butikkane i dag.

– Kvifor er bringebæra så tidlege i år?

– Det har sjølvsagt med vêret å gjera. Produsentane må spela på lag med naturen og vera klare når godvêret kjem, seier han.

Høg smilefaktor

Jordbæra er også rekordtidlege i år, og Geir Joa i Sola hadde jordbæra klare alt i april.

Hos Jarle og Jone Wiig blei det også hausta kinakål i dag – for første gong i år.

– Det er vel mange fornøgde bønder du møter når såpass mykje er klart så tidleg?

– Ja, nå er smilefaktoren ganske høg. Det er sol og litt fuktig, så naturen spelar absolutt på lag med bonden i desse dagar.

Tidlege bringebær

Tidleg bringebær på Jæren.

Foto: Martin Haarr