NRK Meny
Normal

– Ungdomen søker seg vekk frå olja

Totalt har over 21 700 personar søkt om vidaregåande opplæring i Rogaland for skuleåret 2015/2016. Dei typiske oljefaga har størst nedgang.

Lærer illustrasjonsbilde

Mange vil halde fram på skulen. I alt har 21 700 søkt om vidaregåande opplæring i Rogaland.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 2. mars, og i dag vart tala offentleggjort.

Dei viser at det er fleire enn nokon gong som kan tenkje seg ei vidaregåande opplæring i Rogaland.

Totalt har 49,2 prosent søkt seg inn på studieførebuande utdanningsprogram, medan 50,8 prosent har yrkesfag som sitt førsteval.

Størst auke til bygg og anlegg

Bygg og anleggsteknikk og elektro er programma som har hatt størst auke i talet på søkarar.

– Ungdomane har høyrt på nyheitene og dei har fått med seg at ikkje alt dreier seg om olja lenger, seier seksjonssjef i Rogaland fylkeskommune, Ståle Wold.

For det er faga som bringar dei unge ut i olja som har størst nedgang.

– Teknikk og industriell produksjon har ein kraftig nedgang. Og talet på søkarar til brønnteknikk er nærmast halvert sidan i fjor, seier Wold.

I tillegg har også design og handverk, musikk, dans og drama, medium og kommunikasjon, samt service og samferdsel færre primærsøkarar enn i fjor.

Søkartal til VG1-programma

Her den totale oversikta over endringane frå i fjor:

  • Studiespesialisering aukar med 0,7 prosent
  • Idrettsfag aukar med 1,3 prosent
  • Musikk, dans og drama går tilbake med 10,4 prosent
  • Bygg- og anleggsteknikk aukar med 25,2 prosent
  • Elektro aukar med 11,0 prosent
  • Design og handverk går tilbake med 10,0 prosent
  • Restaurant- og matfag går tilbake med 2,2 prosent
  • Helse- og oppvekstfag aukar med 7,6 prosent
  • Medium og kommunikasjon går tilbake med 8,6 prosent
  • Teknikk og industriell produksjon går tilbake med 23,0 prosent
  • Naturbruk aukar med 10,8 prosent
  • Service og samferdsel går tilbake med 11,4 prosent