Hopp til innhold

Her set dei rekord i talet på vaksinasjonar

Fleire norske sjukehus jobbar i desse dagar på spreng for å vaksinera sine tilsette mot influensa. – Eit arbeid som kan redda liv, ifølgje smittevernoverlege ved SUS, Lars Kåre Selland Kleppe.

Mari Gilje-Sørnes får vaksinasjon

REKORD: På Stavanger universitetssjukehus har dei allereie vaksinert fleire tilsette enn nokon gong. For sjukepleiar Mari Gilje-Sørnes (t.v.) var det ikkje tvil om at ho skulle vaksinerast. Hygienesjukepleiar Berit Bue set sprøyta, medan smittevernoverlege Lars Kåre Selland Kleppe (t.h.) ser på.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette ser veldig bra ut. Me har berre kome eit lite stykke ut i vaksineringa og allereie er det fleire som har vaksinert seg enn i fjor, seier smittevernoverlege ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), Lars Kåre Selland Kleppe.

I fjor var det berre ein av ti tilsette ved sjukehuset som tok vaksinen, og både SUS og andre norske sjukehus fekk kritikk for å ikkje ha vaksinasjon av eigne tilsette høgare på dagsorden.

Lars Kåre Selland Kleppe

Lars Kåre Selland er smittevernoverlege ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I Stavanger har dei nå gratis vaksinasjon for dei tilsette i beredskapsrommet i fleire veker framover, og alle som har fått vaksinasjonen får ein jakkemerke der det står «#influensavaksinert».

– Me har eit mål om å dobla talet på dei som tek vaksine, og kanskje meir enn det også, seier Kleppe, som ville vore svært nøgd om dei fekk om lag 2000 av sine meir enn 7000 tilsette til å ta vaksine.

– Viktig

Sist vinter døydde om lag 1700 personar av influensa ifølgje Folkehelseinstituttet, noko som er godt over snittet på 900. Det er personar med nedsett immunforsvar som er spesielt sårbare. Årsaka til at helsepersonell blir råda til å vaksinera seg er at dei ikkje skal få influensa sjølv og deretter smitta sårbare pasientar.

– Me reduserer risikoen for at pasientar skal bli sjuke og få alvorlege komplikasjonar av influensa. Det kan redda liv, seier Kleppe.

For Mari Gilje-Sørnes, som er sjukepleiar på barneavdelinga, var det derfor sjølvsagt å ta vaksine.

– Eg gjer dette fordi eg ikkje vil bli smitta av alle pasientane eg sjølv har som har influensa, og for å ikkje smitta andre. Eg vaksinerte meg i fjor også, og for meg fungerte det veldig bra, seier Gilje-Sørnes før ho får sprøyta.

– Opplever du at dette er haldninga til kollegaene dine også?

– På min avdeling skal nesten alle vaksinera seg, men det er også dei som heilt klart tek eit standpunkt mot å vaksinen. Dei meiner kanskje at den ikkje har blitt testa ut lenge nok eller at dei ikkje kjenner effekten av den.

Tilrår vaksinere

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det om lag 1,5 millionar nordmenn som har auka risiko for komplikasjonar av influensa.

Dei tilrår derfor desse å oppsøka legen sin for å få vaksinasjon.

Les òg: