Rekordmange sikrar seg formell utdanning når tidene blir hardare

Auke i arbeidsløysa og dystre utsikter for framtida gjer at fleire nå tek etterutdanning i Rogaland. Det er venta at søkartalet i år vil bli det høgste nokon sinne.

Sunniva Fjogstad Mæland (t.v) og Gunnhild Hagen fra AOF Sandnes og Jæren

NYTILSETT: Dagleg leiar for AOF Sandnes og Jæren Sunniva Fjogstad Mæland (t.v.) tilsette Gunnhild Hagen på grunn av den store pågangen av folk som vil ta vaksenopplæring.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Hos oss har me tilsett ein ny person på grunn av den auka pågangen. Det har blitt fleire lærarar og større klassar, seier Synniva Fjogstad Mæland, dagleg leiar i AOF Sandnes og Jæren.

Nedturen i oljeindustrien med etterfølgande oppseiingar og permitteringar gjer at dei treng fleire lærarar og større klasserom.

Tala viser tydeleg at fleire vaksne nå sett seg nå på skulebenken for å skaffa seg fagbrev eller studiekompetanse.

Vidaregåande opplæring for vaksne

Søknadstal for heile året

Søknadstal per 1. april

2013

823

2014

972

2015

1169

388

2016

433

Rette tida for å kasta seg rundt

– Ifølgje statistikkane er det mange som manglar den formelle kompetansen og nå er det rette tida å kasta seg rundt for å få seg denne kompetansen. Gjerne i samarbeid med NAV og fylkeskommunen. Så treng ein kanskje ikkje bli den første som ryk ut døra neste gong, seier Kent Terje Ingebretsen som er administrerande direktør i Rogaland kurs- og kompetanse som er på størt på vaksenopplæring i oljefylket.

I 2013 søkte 800 på vaksenoppæringskurs i Rogaland, men dei siste åra har elevtalet skote i vêret. I fjor fekk nærmare 1200 opplæring, og i år vil talet på elevar som tek vaksenopplæring passera 1400.

Sveinung Valen, seksjonssjef Opplæring, Rogaland fylkeskommune

KARRIERESKIFTE: – Mange ser ein moglegheit til å gjera eit karriereskifte, seier seksjonssjef for opplæring i Rogaland Fylkeskommune, Sveinung Valen.

Foto: Rogaland fylkeskommune

– Klassane har blitt større og dei enkelte skulane med vaksenopplæringstilbod utvidar sjølvsagt.

Kortare veg for erfarne

Gunnhild Hagen som er nytilsett hos AOF Sandnes og Jæren har ei klar meining om kva type folk det er som tek vaksenopplæring.

– Det er oppegåande folk som ofte har vore fleire år i arbeidslivet, men manglar den teoretiske forankringa og gjerne eit fagbrev, seier ho.

Mange av desse er framleis i jobb, men fryktar å miste den på grunn av manglande dokumentert kunnskap.

– For ein som har mykje kompetanse innan eit fagområde kan vegen til fagbrev vera langt kortare enn dei fire årene som er den vanlege vegen til fagbrev, seier seksjonssjef for opplæring i Rogaland Fylkeskommune, Sveinung Valen.

Han peiker også på at nokon ser på situasjonen i arbeidsmarknaden som ein moglegheit til å gjera eit karriereskifte, og tek utdanning i noko dei ikkje har drive på med tidlegare.