Hopp til innhold

Snart kan kvar tredje rekrutt vera kvinne

Heile 31 prosent av dei som no er klarert for førstegongsteneste til sommaren er kvinner. 1997-årgangen er første kull med kjønnsnøytral verneplikt.

9. April-markering på Madlaleiren

Ferske tal frå Forsvarets personell og vernepliktsenter viser ein jentedel på 31 prosent blant de nesten 7000 ungdomane som er kvalifisert for førstegongsteneste etter andre sesjon. Bilete er frå 9. April-markering på Madlaleiren i Stavanger i fjor.

Foto: Fredrick Aakhus-Østrem / NRK

– Det høyrest ut som ei veldig kjekk oppleving. Å koma litt ut av komfortsona, og gjera noko litt utanom det vanlege, seier Sigrid Fagerlid.

Sigrid Fagerlid

Sigrid Fagerlid har planar om å gå befalsskulen i forsvaret.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Samen med stadig fleire kvinner ynskjer ho seg inn i Forsvaret etter vidaregåande skule.

– Eg høyrer at det er mange som gjer det, og at det er veldig kult. Det er kjekt å sjå at det er andre enn berre gutane som trivst der, seier Fagerlid.

Første kull med kjønnsnøytral verneplikt

97-kullet er det første med allmenn verneplikt for både menn og kvinner. Og denne sommaren blir det truleg rekordmange kvinner som møter til førstegongsteneste.

– Det kan me slå fast at det blir. Me kjem ikkje til å sjå ekstremt høge prosenttal, men me kjem til å sjå ei betydeleg auke frå 2015, seier prosjektleiar for verneplikt i Forsvarsstaben, Per Thomas Bø.

Ferske tal frå Forsvarets vernepliktsenter viser ein kvinnedel på 31 prosent blant dei nesten 7000 ungdomane som er kvalifisert for førstegongsteneste etter andre sesjon.

Allmenn verneplikt, tall per 5. februar 2016

97-årskullet

Menn

Kvinner

Totalt

Fordelt

4700 (68,89 %)

2123 (31,11 %)

6823

– Kunnskap skapar nysgjerrigheit

Dermed blir kvinnedelen truleg langt høgare enn dagens 16 prosent når ungdomane til sommaren møter til militærteneste.

– Eg trur det er summen av fleire ting, og at det viktigaste her er den kommunikasjonsjobben me har gjort mot 97- og 98-kulla. Me ser at kunnskap skapar nysgjerrigheit. Og så må dei jo reelt ta omsyn til Forsvaret på grunn av verneplikta, og berre det er med på å auke interessa, seier Bø.

Kva betyr det for forsvaret at ein får ein større del kvinner?

– Det betyr ein del, og det viktigaste er at me får dei riktige soldatane. Dette er også auka tilgang til kompetanse, og veldig positivt med tanke på arbeidsmiljøet i Forsvaret, seier Bø.

Åpning av Befalsskolen for Sjøforsvaret (BSS) på KNM Harald Haarfagre (Madlaleiren)

Til sommaren møter rekordmange jenter til førstegongsteneste, for eksempel her i Madlalairen i Stavanger.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Kan ikkje vera redd for å bli skitten på hendene

Og blant dei mange kvinnene som er klare for å ta på seg kongens klede er Sigrid Fagerlid.

Når russetida og skulegongen er over ved St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger, er Sigrid klar for tøffe tak i forsvaret.

– Eg trur ikkje du kan koma inn i Forsvaret viss du er redd for å bli skitten på hendene. Men eg trur jenter kan ha det like kjekt som gutar. Eg har tenkt å gå befalsskulen i forsvaret, og det har eg tenkt til å bruka vidare til politiskulen.

Trur du det blir betre når det blir fleire jenter i forsvaret?

– Sjølvsagt, seier Fagerlid.

Fullførd førstegongsteneste

Fullført kvinner

Fullført menn

Totalt fullført

Prosent kvinner fullført (av total)

2014

1.279

6.462

7.741

16.2 %

2013

849

6.134

6.983

12.2 %

2012

791

6.677

7.468

10.6%

2011

706

7.130

7.836

9.0%

2010

608

6.841

7.449

8.2%

2009

637

7.049

7.686

8.3%

2008

659

7.821

8.480

7.8%

2007

392

7.703

8.095

4.8%

2006

385

7.868

8.253

4.7%

2005

305

6.274

6.579

4.6%

2004

350

8.610

8.960

3.9%

2003

148

9.316

9.464

1.6%

Ekspander/minimer faktaboks

(årstalet er året dei starta førstegongstenesta, som for dei fleste varer i 12 månader)