Hopp til innhold

Her er bustadmarknaden så brennheit at den slår alle rekordar

Nå vil byfolket bu på bygda. Verdas lengste undersjøiske biltunnel er ein stor del av årsaka.

Sonja og Samuel

Sonja Kathrin Lunde og Samuel Deressa frå Stavanger er på visning på Heia i Strand kommune. Ryfast-tunnelane og kortare reisetid til byen er blant grunnane til at dei ser på hus i Ytre Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Bustadmarknaden i Ryfylke er så brennheit at den slår alle rekordar, seier avdelingsleiar ved Eiendomsmegler 1, Terje Krumsvik.

Han er travel med å dirigera plass til alle bilane som skal på visning på Heia i Strand kommune i Ryfylke.

Huset med stor hage har eit prisforslag på knappe 3 millionar kroner og ligg fire kilometer frå tunnelopninga til verdas lengste og djupaste biltunnel.

Ryfylketunnelen, som gjer Ytre Ryfylke landfast med Stavanger, opna på tampen av 2019. Siste del av Noregs største vegprosjekt, Ryfast, opna i april 2020.

Auka tilflytting og folkevekst i Ryfylke har vore blant spådommane og forventningane.

Men den heilt store effekten har late venta på seg. Heilt fram til nå.

Heia 115

Huset på visninga på Heia er frå 1952 og er på 191 m², medan tomta er på 1150 m². Salssummen blei på 3.260.000 kroner, 270.000 over prisforslaget.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Opp 35 prosent

Dei fem første månadane har salet av leilegheiter og einebustadar i Ryfylke auka med 35 prosent i forhold til rekordåret i fjor, viser tal frå Eiendom Norge.

Terje Krumsvik

Avdelingsleiar ved Eiendomsmegler 1, Terje Krumsvik.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Fleire hus blir også selde over prisforslaga og bustadprisane i regionen har gått opp om lag 10 prosent berre det siste året.

Til samanlikning har bustadprisane i Stavanger stige med 9,1 prosent dei siste 12 månadane.

– Me har vore førebudde på Ryfast-effekt dei siste seks til åtte åra. Men så blei det eit annleis år i fjor, og effekten kom ikkje så godt fram. Men den kjem nå, seier eigedomsmeklar Krumsvik.

Ryfast-trase

Det er to undersjøiske tunnelar i Ryfast, Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen (som nå heiter Ryfylketunnelen).

Foto: Statens vegvesen

Folkevekst

Strand er også blant kommunane i Rogaland som har størst prosentvis folkevekst. I årets første kvartal auka folketalet litt meir enn i Stavanger, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal.

Irene Heng Lauvsnes

Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes (H).

Foto: Magnus Stokka / NRK

Strand kommune har nå 13.151 innbyggarar mot 12.806 i perioden då Ryfylketunnelen opna mot slutten av 2019.

– Det tar ofte litt tid før effektane kjem, men nå ser endeleg folk kor fantastisk kommunen er. Me gler oss over dette, seier ordførar Irene Heng Lauvsnes (H).

Fulle ordrebøker i byggebransjen

Også byggebransjen i Ryfylke merkar Ryfast-effekten. Spesielt på Jørpeland og Tau blir det reist mange nybygg.

Stian Folkvord

Dagleg leiar i FA Bygg, Stian Folkvord.

Foto: Magnus Stokka / NRK

FA Bygg har fulle ordrebøker til hausten 2022.

– Siste året har det tatt seg veldig opp. Byggefirmaa har mykje meir arbeid og merkar god effekt av Ryfast, seier dagleg leiar Stian Folkvord.

Den store pågangen gjer at dei jaktar fleire fagfolk.

– Men me slit med rekrutteringa. Det er blant anna få tømrarlærlingar å få tak i, seier Folkvord.

Ingen bompengeinnkreving i Ryfast, her fra Ryfylketunnelen på Strand-siden

Ryfylketunnelen opna 30. desember 2019 og erstatta ferjesambandet Tau- Stavanger. Reisetida mellom Strand og Stavanger er halvert. Nå tar det om lag 20 minutt frå tunnelopninga til Stavanger sentrum.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Huset gjekk 270.000 over prisforslaget

På visninga på Heia i Strand er det heile 12 påmelde. I tillegg har fleire vore på privatvisning. Ni av ti er frå Stavanger-området.

Blant desse er paret Sonja Kathrin Lunde og Samuel Deressa.

– Det handlar sjølvsagt om den nye tunnelen. Nå tar det kort tid å reisa til byen. I tillegg saknar me naturen, seier Sonja til nikk frå mannen.

Likevel blei paret aldri med i bodrunden på huset som blei lagt ut for 2.990.000 kroner og seld for 3.260.000.

Eigedomsmeklar Krumsvik trur bustad-boomen i Ryfylke berre vil halda fram.

– Så lenge me har låg rente vil fleire få opp auga for Ryfylke. Når det i tillegg er så enkelt å reisa til byen, trur eg fleire vil flytta. Det vil dra opp marknaden endå meir.