Hopp til innhold

Skal ta vare på sjansane

Det blir ein lang tur heim for Sandnes Ulf som tapte 3-1 mot Tromsø i dagens kamp.

Sandnes Ulf-fans før kampen.

Sandnes Ulf-fans håpar på det beste før kampen

Foto: Lasse Hansen / NRK

– Dette er nok ein av årets vanskelegaste bortekampar.

Det slo medieansvarleg i klubben, Morten Wiik Larsen fast før kampen.

Det fekk han også rett i. Sandnes Ulf måtte returnere til Sandnes utan poeng i bagasjen. Dei møtte laget som før serierunden toppa tabellen, og som har vist seg svært så gjerrige på i gi vekk mål.

Få skader

Sandnes Ulf stilte med sitt bortimot beste lag. Berre Bjørnar Holmvik, av dei som er aktuelle for første-elleveren, var ute med brot i foten.

– Det er første gong me møter Tromsø og både lag og trenar har nok respekt for dei, men tanken er likevel å gå ut med fullt trykk, sa Wiik Larsen.

Viss Sandnes Ulf tar medalje...

På nettsida til Sandnes-laget har to spelarar fått spørsmål om kva dei gjer dersom dei endar opp med medalje etter debutsesongen. Forsvarsspelar Edier Frejd lovar å bada naken i Indre hamn. Keeper Bo Andersen lovar å leggje opp.

Det er kanskje like godt at dei nøyer seg med fjerde plassen første året?