NRK Meny
Normal

Endrar ikkje ferieplanane på grunn av terroren

Flyselskapa tilbyr gratis avbestilling og endring av flybillettar som går til Nice. Dei fleste vel likevel å reisa ned til den terrorråka byen.

Norwegian og SAS tilbyr tilbakebetaling til de som vil kanselere tur til Nice etter terroren. Mange drar likevel på ferie allerede dagen etter.

STAVANGER: NRK snakka med fleire av dei som reiste frå Stavanger lufthavn Sola til Nice fredag ettermiddag. Oppe frå venstre: Pål og Tove Tyberø, Trude Langfeldt, Atle Børgli og Kristin Raknes Friestad.

– Det er ei trist opning av ferien og me er prega av hendinga. Samstundes så må jo livet må gå vidare, seier Tove Tyberø. Ho og mannen sette seg i ettermiddag på Norwegian-flyet som gjekk til Nice frå Stavanger.

Og det er mange som tenker likt.

– Me forstår det godt dersom nokon tenker seg om ei ekstra gong før dei reiser, men så langt ser me at det er få kundar som tek kontakt for å endra eller avbestilla billettane sine, seier pressekontakt i Norwegian Astrid Mannion.

Til Nice

Det var mange som reiste til Nice frå Stavanger lufthavn Sola i ettermiddag.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Vil ikkje la terroristen vinna

Men sjølv om nordmenn vel å reisa til den franske rivieraen, er dei reisande tydlege på at terroren vil setja eit preg på turen.

Synnøve Fisketjøn

Synnøve Fisketjøn og veninnene hennar kom til Nice i 11-tida i dag. Dei gjer om på planane sine, og vil halda seg mest utanfor byen.

Foto: Privat

– Me skulle sjå Rihanna i kveld, men konserten blei avlyst. Det er me berre glade for, seier Synnøve Fisketjøn frå Stavanger.

Ho og fire veninner kom til Nice litt over klokka elleve i føremiddag. I taxituren frå flyplassen til Villefranche, der dei bur, fekk dei eit inntrykk av kor mykje hendinga pregar dei som bur der.

– Taxisjåføren kjende fleire av dei som var på promenaden, og var sterkt prega av det som hadde skjedd, fortel Fisketjøn.

Veninnene har bestemt seg for å halda seg vekke frå Nice i respekt for sørgjande franskmenn, men nektar å la terroristen stoppa ferien deira.

– Gjer me det så vinn terroristen, seier ho.

Rihanna avlyste konserten

Laster Instagram-innhold

Synnøve Fisketjøn og dei fire veninnene hennar synst det var riktig av Rihanna å avlysa konserten. Dei seier at dei ikkje ville gått dersom den likevel hadde blitt gjennomført.

– Litt rart å reise

– Det er rart å reisa med tanke på at mange nett har blitt drepne der nede, seier Kristin Raknes Friestad som også tok flyet frå Sola til Nice i dag.

Ho reiser saman med familien, og seier at dei reiser sidan norske styresmakter ikkje rår folk frå å reisa.

– Eg har lurt litt på om det er trygt å reisa, men me må vel berre ta forholdsreglar og høyra på kva styresmaktene der nede seier. Eg håper at me klarer å ha ein fin ferie trass det som har skjedd.