- For meg er 13 prosent eit flott tal.
Det seier Mykletun, som i tillegg til å vera på universitetet også er sjefredaktør i reiselivstidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism.
- Dersom 13 prosent av norges befolkning vurderer å dra på ferie til Stavanger-regionen så er det eit godt utgangspunkt, seier Mykletun.
Omdømmerapporten
Det er ei større omdømmeundersøkjing som viser at Stavanger-regionen ligg på botn av lista over storbyområde som folk i Norge ønskjer å vitja som turistar. Trondheim, Bergen og Oslo har alle frå dobbelt til tredobbelt så stor popularitet som reisemål, viser undersøkjinga.Heller ikkje har satsinga på "Matfylket Rogaland" slått ann hos andre enn rogalendingar, viser undersøkjinga. Likevel fortset Mykletun å vera optimist.
Lang tidshorisont
- Det tar tid å byggje eit reisemål, gjentar Mykletun. Oslo og
Bergen har brukt lengre tid og har også brukt meir pengar på sine turistsatsingar.
Sats meir på det me held på med
Mykletun sitt råd er å halda fram med den satsinga som pågår.
- Matfylket er ei god satsing, seier han. Festivalar er det same og naturopplevingane er det berre å fortsetje med å vise fram i reklamen, avsluttar han.