Hopp til innhold

Dei jobbar på spreng for å halde koronasmitten unna sjukehuset

STAVANGER (NRK): Dei får ikkje mest applaus og hyllest, men reinhaldarane på sjukehusa gjer ein livsviktig jobb under koronaen. No smittevaskar dei opp mot fire gonger så mange rom som normalt.

Renholder Patricia Suarez rengjør en ambulanse.

VIKTIG: Patricia Suarez er oppteken av at vaskearbeidet må gjerast nøye.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Eg må ikkje gløyme noko, seier reinhaldar Patricia Suarez, medan ho rutinert skurar ein sjukebil.

Bilen har nettopp frakta ein pasient som kan ha koronasmitte.

I 16 år har ho gjort reint på sjukehuset i Stavanger, men aldri har det vore travlare enn no. For Suarez og kollegaene handlar alt om å hindre koronasmitten i å få spreie seg.

Sidan mars har 146 reinhaldarane jobba på spreng for å halde koronasmitten unna Stavanger universitetssjukehus.

Berre sidan midten av september og ut oktober har reingjerarane gjennomført 300 smittevask i ambulansane.

Smittevask av rom på SUS.

ØKT: Smittevask av rom auka då pandemien braut ut.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Då Noreg stengde ned 12. mars, forandra alt seg. Frå å vaske i snitt 550 rom per månad auka talet til over 800.

– Det var eit sjokk, og det har vore travelt sidan, seier reinhaldaren.

Auka kostnader

Så langt har det auka behovet på sjukehuset medført ein kostnad på cirka 3,5 millionar kroner i overtid, ekstra innleie av personell og reinhaldspersonell frå eksterne leverandørar.

Phayom Hebnes, renholder SUS.

Phayom Hebnes, reinhaldar SUS.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Når smitten no stig, blir reinhaldarane igjen sett på prøve. I løpet av ein arbeidsdag smittevaskar dei no opp mot fire gonger så mange rom som før koronaen.

Reglane for vasken har blitt strengare. 20 minutt skal brukast på kvart rom.

– Vi var nøye før, men no må vi vere endå nøyare. Ein madrass må til dømes vaskast på begge sider, seier reinhaldar Phayom Hebnes.

Det er reinhaldarane som skal verne dei andre tilsette og pasientane mot å bli smitta.

– Utan oss fungerer ikkje noko på sjukehuset. Derfor er reinhaldet viktig. Det er òg viktig at det blir gjort av profesjonelle reinhaldarar, seier reinhaldar Mohamed S. Amati.

Mohamed S. Amati, renholder SUS.

Mohamed S. Amati, reinhaldar SUS.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Livsviktig

Jobben dei gjer på norske sjukehus er livsviktig, meiner klinikkdirektør Erna Harboe på Stavanger universitetssjukehus.

– Hadde det ikkje vore for dei, hadde pandemien vore på eit heilt annan stad. Dei er heilt avgjerande for at sjukehuset skal vere trygt.

Erna Harboe, Mottaksklinikken SUS

Erna Harboe, klinikkdirektør SUS.

Foto: Erik Waage / NRK

Sjølv om jobben dei gjer ofte blir teken litt for gitt, veit dei at er ein viktig del av laget på sjukehuset.

– Vi følte oss ikkje så viktige før korona, men no er det heilt topp, seier Hebnes.

– Ja, eg føler meg viktig, seier Suarez

– Og det får du høyre frå dei andre tilsette på sjukehuset?

– Ikkje så ofte, seier ho og ler beskjedent.