Hopp til innhold

Regnet vil hølje ned i Rogaland

Meteorologane ventar opp mot 50 millimeter regn på 24 timar. Nedbøren som kjem laurdag kan føre til overfløymingar og jordskred.

Regn

Det vil koma så mykje regn i Rogaland i dag at det er fare for små overfløymingar og jordskred.

Foto: Ståle Frafjord

– Heile fylket vil nok få nedbør, men det ser ut til at det blir mest i sør, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Kristin Seter.

Det er venta så mykje regn i helga at instituttet har sendt ut obs-varsel for Rogaland og Agder-fylka.

Fare for overfløymingar

– Prognosane viser at det kan koma opp mot 50 millimeter på 24 timar. Det er ikkje ekstremt mykje, men det er nok til at me føler at me må sende ut eit obs-varsel slik at folk er klar over at det kan bli små overfløymingar, seier Seter.

Kristin Seter

Statsmeteorolog Kristin Seter seier det er fare for små overfløymingar laurdag.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Nedbøren kan også føre til små jordskred og flaumskred. Det er også fare for kraftig torevêr.

Verst i dag

Obs-varselet gjeld for heile helga, men mest nedbør blir det i dag.

– Det ser ut til at det verste vil gje seg i løpet av kvelden i dag. Opphavleg sende me obs-varsel også for sundag, men no ser det ut til at det berre vil koma beskjedne mengder i morgon, seier Seter.