– Til nå i år har me redusert omsetninga med 50 prosent. Me har fått støtte som hjelper ein del, men det er ikkje nok til å dekka halvparten av tapet eingong, seier dagleg leiar på restauranten Gaffel & Karaffel i Stavanger, Bjørn Erik Sandvaag.
Som andre i serverings- og reiselivsbransjen har han vore spent på kompensasjonsordninga som regjeringa lenge lova skulle koma. Kritikken hagla i ventetida.
20. oktober la regjeringa fram første utkast til kompensasjonsordninga.
Tilpassar seg dagens smittesituasjon
Fredag ettermiddag presenterte næringsminister Iselin Nybø (V) endringane regjeringa har gjort for å tilpassa seg dagens smittesituasjon.
– Eg håpar at endringane me no gjer vil bidra til at fleire levedyktige aktørar i serveringsbransjen kan klara seg, sa næringsminister Iselin Nybø (V) på ein pressekonferanse på nettopp Gaffel & Karaffel i Stavanger fredag ettermiddag.
Ramma for ordninga blir utvida frå 1,4 milliardar kroner til 2,8 milliardar. I tillegg blir den utvida frå å gjelda ut året 2020 til ut februar 2021.
– Det opphavlege kravet om 40 prosents fall i omsetninga blir no senka til 30 prosent. Det er eit målretta tiltak for å inkludere fleire serveringsbedrifter i ordninga, sa Nybø på pressekonferansen.
Støttenivået blir òg auka frå 50 til 60 prosent.
– Det inneber at ordninga dekkjer inntil 60 prosent av dei faste uunngåelege kostnadene for næringa, avhengig av kor høgt omsetningsfallet blir, forklarer næringsministeren.
Taket for kor mykje ei bedrift maksimalt kan få, blir òg heva frå 10 til 50 millionar kroner i månaden.
NHO: – Rett retning
Både NHO-direktør Ole Erik Almlid og direktør i NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold, meiner justeringane går i rett retning.
– Men me meiner framleis at satsane og innretninga burde vore betre i dagens situasjon, både for reiselivet og for bedrifter i andre bransjar som i dag ikkje er omfatta av ordninga, seier Almlid.
Han meiner òg at kompensasjonsgrada bør aukast til 70 prosent og at ordninga bør vere generell.
– Regjeringa har framleis tid til å justere dette før saka kjem til Stortinget, seier NHO-direktøren.
Virke: – Viktig for å sikra arbeidsplassar
Hovudorganisasjonen Virke er fornøgde med at regjeringa planlegg meir langsiktig.
– Auka føreseielegheit for verksemdene som er hardt råka av pandemien, er viktig for å sikra arbeidsplassar over heile landet, understrekar administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.
Virke meiner likevel at bedriftene som indirekte er knytt til reiselivet, også må få betre støtte.
– Det er mange råka verksemder som ikkje kjem inn under ordninga. Det vil me følgja opp vidare, seier Kristensen.
Ønsker redusert moms
Restaurantsjef Sandvaag på Gaffel & Karaffel i Stavanger er ikkje sikker på om tiltaka regjeringa la fram fredag er gode nok.
– Eg kunne ønska meg andre ting som for eksempel redusert matmoms. Det kunne verka direkte og mykje raskare.
I dag må han betala 25 prosent moms på alt han sel av mat og drikke. Hadde han selt varer til kundar som tok med maten, ville momsen blitt 15 prosent.
Næringsminister Nybø viser til at regjeringa i forslag til statsbudsjett ikkje har gjort noko med momsen.
– Regjeringa har ønska meir spissa ordningar, slik som det som er lagt fram i dag, seier Nybø til NRK.