– Me ser at omverda går i gang med storskala hydrogenprosjekt. Derfor er det viktig at Noreg koplar seg på, både når det gjeld produksjon i Noreg og eksport til utlandet, seier Nils Røkke.
Han er direktør for berekraft i Sintef og president for Den europeiske energiforskingsalliansen EERA.
– Denne satsinga er historisk og skal bidra til å få fram mange spanande hydrogenprosjekt dei neste åra, sa olje- og energiminister Tina Bru (H) då ho presenterte statsbudsjettet i Stavanger onsdag.
– Ei satsing mange har venta på
Regjeringa legg vekt på å støtta ny infrastruktur for hydrogen gjennom dei 100 millionane i statsbudsjettet for 2021.
Frå før har regjeringa løyvd 120 millionar kroner til innovasjonsprosjekt der hydrogen har ein sentral plass i 2020. I tillegg er Enova styrka med 2 milliardar kroner, noko som skal gjera det mogleg å gjennomføra endå fleire hydrogenprosjekt.
Satsinga blir viktig for ferjesambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik i Rogaland.
Til våren får sambandet verdas første hydrogenferje. Men sidan dei ikkje får tak i flytande hydrogen i Noreg, må dei til utlandet for å skaffa drivstoff i startfasen.
– Dette er eit signal frå regjeringa om at infrastruktur blir viktig når ein skal få opp satsinga på hydrogen som energiberar i Noreg. Dette er ei satsing mange har venta på lenge, og er eit viktig første steg, seier Eric Rambech.
Han er gründer i konsulentselskapet Endrava. Dei står bak ein rapport som konkluderer med at potensialet for hydrogen er stort i Hjelmeland og Ryfylke.
Peikar på Rogaland som hydrogenfylke
Rambech peikar på fleire grunnar til at Rogaland kan bli eit nøkkelfylke i Noreg si hydrogensatsing, i tillegg til at fylke får den første hydrogenferja.
– Rogaland sit på mykje kompetanse i olje- og gassnæringa. Transport, produksjon og lagring av gassar er også ein viktig kompetanse i ei hydrogensatsing.
I tillegg er hydrogenproduksjon kraftkrevjande. Også her har Rogaland naturgitte føresetnader gjennom vasskrafta.
– Å produsera hydrogen frå fornybar energi er viktig for å få ned fotavtrykket til hydrogen. Me er opptatt av å kutta klimagassar, ikkje berre å dytta inn hydrogen der det er mogleg, seier Rambech.
Krev fart på hydrogensatsing
Eit vegkart for hydrogen skal systematisera regjeringa si storsatsing på hydrogen, som statsminister Erna Solberg varsla på Høgre sitt landsmøte i september.
Sintef-direktør Nils Røkke meiner satsinga i statsbudsjettet er viktig. Han påpeikar også at Noreg har dårleg tid når det gjeld hydrogen.
– Fordi omverda og rammevilkåra endrar seg så raskt, både for norsk olje og gass og hydrogen. Alt arbeid rundt vegkartet og infrastruktur må setjast i høggir.
Røkke seier hydrogenferja i Hjelmelandsambandet i Rogaland vil gi viktige svar i den vidare satsinga, og påpeikar at interessa for hydrogen i Europa er stor.
Sintef-direktøren meiner det ikkje er grunn til å frykta å bli prøvekaninar for hydrogenferjer, slik ordførarane i Lofoten har åtvara om.
– Det er ikkje nokon grunn til å tru at hydrogen skal bli eit større problem enn når ein innførte naturgass eller elektrisk ferjedrift.