Fakta
Somme av oss var blitt så vaksne alt i 1960-åra at vi aldri greide å koma i ekstase over desse langhåra typane frå Liverpool, men vi merka jo at dei som var yngre enn oss dyrka Beatles-musikken som om det aldri hadde blitt skapt noko viktigare i musikkverda. Seinare har den nye pop-musikken blitt stadig meir utilgjengeleg for oss som dessverre ikkje blir yngre, og etter kvart har mange av oss kome til å få større sans for The Beatles enn vi hadde den gongen då hysteriet var på sitt høgaste. Det er vel ikkje berre folk i midten av trettiåra som spring i butikkane i desse dagar og kjøper plata som kom for ein månads tid sidan med dei mest populære Beatles-songane. Det skal vera om lag 12 millionar som alt før julehandelen er komen i gang for alvor, har skaffa seg dette minnealbumet.
Så kan vi tilårskomne lura på kvifor folk i dag ikkje like gjerne minnest f.eks. Sammy Davis jr. som vi hadde meir sans for den gongen. Sammy Davis jr. er også død, men om han hadde levd, ville han ha fylt 75 år i dag. Ein del av forklaringa er sjølvsagt at Sammy Davis døydde på naturleg, fredeleg vis, medan John Lennon fekk ei så dramatisk avslutning på livet då ein forvirra person sende ein serie med kuler i ryggen på han.
Men den viktigaste forklaringa er nok at Lennon og dei andre Beatles-musikarane alt hadde fått ein slag helgenstatus blant ungdomen. Då John Lennon vart skoten, var det som ein epoke tok slutt for mange som hadde vakse opp med Beatles i 1960-åra, skriv BBC på nettsidene sine i dag.
Og i dag skal Lennon minnast på mange vis. Vener og familie skal samlast i barndomsheimen i Liverpool der det skal avdukast ei offisiell minneplate, den første i sitt slag som er sett opp over ein popmusikar i England. I Japan har det alt vore minnestund i det første museet som er bygd til ære for Lennon. Der har folk sagt fram bøner framfor eit altar med biletet av han. Somme kjem sikkert og til å samla seg på Cuba der det er laga ei statue av Lennon, jamvel om musikken hans på offisielt hald er stempla som ideologisk svak.
Mest tankevekkjande er måten enkja etter Lennon, Yoko Ono har valt å markera dagen på. Ho har sett opp ein svær plakat i New York og andre amerikanske byar. Der gjer ho merksam på at sidan den tragiske dagen for 20 år sidan, er over 676 000 menneske i USA blitt drepne med handvåpen.