Hopp til innhold

To personar er kritisk skadde etter båtulukke utanfor Karmøy

Fire personar er henta opp av sjøen i ein redningsaksjon mellom Torvastad og Feøy utanfor Karmøy. To av dei er kritisk skadde og frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Ulukke mellom Feøy og Karmøy

Ulukka skjedde i 19.45-tida nord for Buksholmen, ved Feøy utanfor Karmøy.

– Det me veit er at ein skjærgårdsjeep har treft eitt eller anna på sjøen. Det var fire personar om bord, og to av dei er skadde og på veg til sjukehuset, seier redningsleiar i Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Norge, Erik Willassen.

Ifølgje politiet er dei to kritisk skadde.

– Dei har blitt frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med kritiske skadar, seier Andre Skram Hansen, som er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.

Alle fire som var om bord i båten var i familie.

Blei berga opp av båtar

Politiet blei varsla klokka 19.45 om ulukka på sjøen mellom Feøy og Torvastad på Karmøy. Det var både redningsskøyter og brannbåtar i området då redningshelikopteret var på plass.

– Dei fire personane blei henta opp frå sjøen og frakta i land i båtar. Den eine av dei to skadde blei deretter frakta vidare til sjukehus med redningshelikopteret, fortel Willassen i HRS.

Det er ingen sakna personar etter ulukka og redningsaksjonen er avslutta.