Hopp til innhold

Redningsaksjon på Preikestolen – Sea King måtte snu

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Norsk Folkehjelp i Strand og Forsand berga tysdag kveld ned to vêrfaste franske turistar frå preikestolen. Vêrforholda var så dårlege at Hovudredningssentralen tidlegare på kvelden måtte avbryta redningsaksjonen med helikopter.

Preikestolen

Turistattraksjonen Preikestolen er eit fjellplatå som ligg 604 meter over havet i Lysefjorden i Rogaland (arkivbilete).

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Like før klokka 19 tysdag fekk politiet inn melding om to franske turistar, som ikkje kom seg ned frå Preikestolen i Lysefjorden i Ryfylke.

– Dei to turistane skal vera vêrfaste på sjølve Preikestolen. Dei er både kalde og blaute, sa redningsleiar, Nils Ole Sunde, ved Hovudredningssentralen på Sola (HRS) til NRK.no.

Mørke i tillegg til både vind og regn, gjorde leite- og redningsforholda vanskelegare.

HRS sende først ut eit Sea King-redningshelikopter, men dette måtte snu grunna vêret.

Dermed blei Norsk Folkehjelp i Strand og Forsand varsla, og dei sender redningsmannskap til fots.

– Det er ikkje gjort på ein augneblikk å koma seg opp til Preikestolen, så franskmenne må rekna med å venta nokre timar før dei får hjelp, sa Sunde i 20-tida.

Beredskapsansvarleg i Norsk Folkehjelp Strand og Forsand, Espen Brekke, seier at det gjekk greitt for redningsmannskapet å koma seg opp:

– Me har bra med utstyr, så det går bra å koma seg opp på Preikestolen trass det dårlege vêret. Det er heldigvis ikkje is, seier Brekke til NRK.no.

Klokka 21.15 melder politiet at redningsaksjonen har gått bra:

– Norsk Folkehjelp er på veg ned til Preikestolhytta med dei to turistane. Dei er kalde, men skal ikkje ha behov for tilsyn av lege, opplyser operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Geir Gjesdal.