Hopp til innhold

REDNINGSAKSJON PÅ FITJAR:

– Dette er nok nokon som har fyrt opp naudbluss for gøy, seier operasjonsleiar i Haugesund, Trond Børge Åsbu etter storstilt redningsaksjon laurdag ettermiddag.

– Me ser på dette med det største alvor, og ønsker oss opplysningar om kven som står bak dette.

Redningsskøyte og helikopter rykka ut etter meldingar om naudbluss vest for Fitjar sentrum laurdag ettermiddag klokka 15.45. Det viste seg å vera falsk alarm.

– Me har ikkje funne nokon eller noko, og ingen er meldt sakna. Me har nå avslutta redningsaksjonen, seier operasjonsleiaren.

– Om me finn ut kven som står bak så vil vedkomande bli meld, og er det snakk om barn så vil dette bli følgt opp av vårt førebyggjande team.