Hopp til innhold

Krev strengare barnepornostraff

Organisasjonen Redd Barna krev strengare straff for kjøp av barneporno.  Strafferamme på tre år er for lite, meiner generalsekretæren.

Gro Brækken
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Redd Barna krev strengare straff for kjøp av barneporno. Strafferamme på tre år er for lite, meiner generalsekretær Gro Brækken.

- Det er pengar frå kjøparane som gjer at barn blir utsett for overgrep, seier Brækken.

Ein 33 år gammal mann frå Lund er tiltalt for å ha 350 000 barnepornobilder på PC-en sin.

Største beslag

Beslaget på 350 000 filer med barneporno hos Lund-mannen er det største nokon gong i Rogaland. 

-Tidlegare har det vore eit problem at politiet ikkje har hatt kapasitet til å føre sakene heilt fram til rettsak, seier Brækken.  Ho er derfor glad for at denne saka nå kjem til doms og at den tiltalte skal få si straff. 

 - Dette er viktig fordi det viser i praksis at samfunnet reagerer mot dei som kjøper barneporno seier genealsekretær i Redd Barna, Gro Brækken.