Tina Jørgensen sin tidlegare kjærast reagerer på etterforskinga

At teikningar og vitneobservasjonar i Tina Jørgensen-saka blir offentleggjort meir enn tolv år etter dei blei laga får mannen, som i si tid blei sikta for drapet, til å reagera.

Atle Helljesen

Atle Helljesen var advokat for Tina Jørgensen sin kjærast, som i 2001 blei sikta for drapet. Siktinga blei året etter lagt vekk av riksadvokaten.

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

Tina-tegning

Politiet gjekk ut med denne teikninga 21. mai 2013. Eit vitne skal ha sett denne bilen ved ei anleggsbrakke ved bybrua i Stavanger.

Foto: Politiet
Ny teikning i Tina-saka

Dette er den siste personen som skal vera observert saman med Tina Jørgensen. Teikninga blei publisert 31. mai 2013.

Foto: Politiet

Dei siste vekene har politiet gått ut med informasjon om drapssaka på Tina Jørgensen, som dei har sitje på i meir enn tolv år.

Dette har fått den dåverande kjærasten til Tina, som var sikta for drapet, og advokaten hans, Atle Helljesen, til å reagera.

– Me opplevde at etterforskinga den gong var einsidig retta mot kjærasten, derfor reagerer han ganske sterkt nå når me ser at det fanst materiale, som kunne ha ført til nye tips i saka, seier Helljesen til NRK.no.

– Politiet meinte dei visste

Det var i september år 2000 drapet skjedde, 20 år gamle Tina Jørgensen blei funnen død i ein striesekk av glasfiber under eit kumlokk ved Bore kyrkje. Kjærasten blei sikta av politiet, men vesle julaftan to år seinare, blei siktinga lagt vekk av riksadvokaten.

I desember i fjor tok politiet opp att drapssaka, på grunn av mange tips og ledige ressursar til å sjå på saka på ny.

I dag er dei nye teikningane høgaktuelle i jakta på drapspersonen, likevel har dei fått ligga i ei skuff hos politiet. Politiet har også opplyst at dei vil gå ut med fleire bilete av Tina Jørgensen, sidan bileta som er ute ikkje plent gjer eit korrekt bilete av korleis ho såg ut kvelden ho forsvann.

– Då siktinga mot klienten min blei lagt vekk ønska klienten min at etterforskinga skulle halda fram, men det gjorde ikkje politiet då dei meinte at det ikkje var meir å gå på, fortel Helljesen.

Han meiner at grunnen til politiet ikkje gjekk ut med teikningane og bileta den gong, var at dei meinte klienten hans var den skuldige.

– I dag lir politiet av at dei ikkje etterforska breitt nok. Dei samla ikkje inn bevis om andre moglege gjerningsmenn, hevdar Helljesen.

Politiet avviser påstandane

Ingen av dei som arbeider med saka i dag, etterforska drapet for 13 år sidan.

Bjørn Andersen er politiinspektør og tidlegare kriminalsjef ved Rogaland politistasjon. Han avviser kritikken frå Helljesen.

– Eg har vanskar med å forstå at det som nå kjem fram er ein indikasjon på at det blei etterforska for smalt, seier Andersen.

Han kan likevel ikkje sei noko om kvifor teikningar som nå blir offentleggjort, ikkje blei publiserte den gong.

Tina Jørgensen

Tina Jørgensen forsvann i september 2000.

Foto: Politiet

– Eg kan ikkje her og nå å gjera nøyaktig greie for korleis vurderingane var, og kvifor det blei gjort slik. Men avgjerslene blei likevel tatt, seier han.

– Små moglegheiter for å ta gjerningsmannen

Helljesen har ikkje tru på forklaringa til politiet. Han trur også at dei har øydelagt for seg sjølv, med det han kallar ei smal etterforsking.

– Når ein går ut med dette på eit så seint tidspunkt, og ikkje den gong, er moglegheitene for å finna ei løysing små, seier Helljesen.

Han seier at etterforskinga er ei påkjenning for klienten hans.

– Når politiet går høgt ut og seier dei skal etterforska nye tips, er påkjenninga stor når det viser seg at dei ikkje kjem nokon veg.

Men politiet har ikkje gitt opp håpet om å finna Tina Jørgensen sin drapsmann. Store ressursar er sett av til gjenopptakinga.

– Ingen har gløymt dette drapet, verken me eller publikum, avsluttar Andersen.