NRK Meny
Normal

– Sjåførane får ikkje sympati på denne måten

Leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Lunde, sit i utvalet som 70 drosjesjåførar i dag viste si avsky mot. Han meiner at taxiaksjonen ikkje var særleg klok.

Kjartan Lunde om taxiaksjon

Kjartan Lunde er Venstre sin einaste representant i samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Svein Jacob Mathisen / Mathias Oppedal / NRK

– Eg trur nok dei kunne funne på noko anna enn å skapa køar og forseinkingar for folk, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Lunde, til NRK.no.

Han sit i samferdselsutvalet i Rogaland Fylkeskommune, som i dag avgjorde å dela ut 57 taxiløyve, som tidlegare har blitt levert inn. Ei avgjersle som fekk taxinæringa til å reagera i harnisk. Dei meiner det er for mange taxiar på Nord-Jæren som det er, og arrangerte ein massedemonstrasjon.

Om lag 70 drosjar skapte kaos i trafikken då dei køyrde i sakte kortesje frå Stavanger til flyplassen på Sola.

Sjå TV-sak om taxidemonstrasjonen:

Nærmare hundre tdrosjesjåførar demonstrerte mot fleire drosjeløyve på Nord-Jæren.

►SJÅ VIDEO: Nærmare hundre drosjesjåførar demonstrerte mot fleire drosjeløyve på Nord-Jæren.

– Aksjonen får ingenting å sei for diskusjonen

Lunde seier at han forstår at drosjesjåførane meiner alvor, men meiner at måten dei går fram på er feil.

– Mange har nok sympati med dei som køyrer taxi, men i dag blei nok flest folk sinte på grunn av aksjonen. Derfor trur eg at dette ikkje var særleg godt gjennomtenkt, seier han.

Det kan bli mindre taxiløyve i regionen, men det skal politikarane først drøfta til våren.

– Løyva som nå skal ut er løyve som tidlegare har blitt levert inn frå folk som har slutta. Til våren skal me ha ein sak der me vil vurdera om me treng færre eller fleire løyver i framtida. Då skal me sjølvsagt høyra på kva næringa har å seia, slår han fast.

Då vil dei ha faktiske tal på kor mykje drosjesjåførane tenar og kor mykje ventetid dei har. Han meiner at aksjonen ikkje vil ha noko å sei for kva Venstre vil meina om denne saka når ho kjem opp.

Sjølv om han tar avstand frå aksjonen, innrømmer han at alle 57 løyva ikkje burde kome samstundes.

– Administrasjonen i fylkeskommunen burde ha delt ut desse løyva etter kvart som dei kom inn. Dette var noko heile utvalet var frustrerte over i dag, seier Lunde.

Leiar av samferdselsutvalet, Ellen Solheim (KrF), har også fått med seg aksjonen, sjølv om ho var på ein ferjedåp under aksjonen.

– Det er slik det har vore tidlegare. Taxisjåførane reagerer om dei ikkje får det som dei vil, men eg er oppteken av at kundane skal ha ei god dekning og at det finst nok taxiar, seier ho.

Lederen for samferdselsutvalget i Rogaland, Ellen Solheim, sier at det er veldig klare regler på at innleverte løyver skal lyses ut på ny og at det vil skje nå også.

►SJÅ VIDEO: Ellen Solheim om taxiaksjonen.

– Vil Solheim jobba meir og tena mindre?

Ei av dei som var med på demonstrasjonen i dag var Solveig Nærland. Ho er styreleiar i Stavanger Taxi og reagerer på Kjartan Lunde sin kommentar.

– Det er viktig for oss å markera oss. Derfor meiner eg at aksjonen var god og riktig, seier ho.

Ho meiner at politikarane for lenge sidan burde fått eksterne rapportar som sa noko om behovet for fleire drosjar. Og drosjeløyva som nå dukka opp burde blitt heldt tilbake når marknaden er slik den er. Derfor reagerer ho også på Solheim sin kommentar.

– Spør heller Ellen Solheim om ho framleis ville hatt sin jobb om ho måtte jobba meir og tena mindre. Det er stor frustrasjon i drosjenæringa nå, og det er mange som må slutta.