Hopp til innhold

Reagerer på Norwegian-SMS

Norwegian informerer ikkje i tekstmelding om at dei streikeråka kundane kan få pengane attende. – Dette er ikkje bra nok, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Norwegian-SMS

Denne tekstmeldinga opplyser ikkje godt nok om rettane Norwegian-kundane har når flyet er kansellert, meiner Forbrukarrådet.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Fleire personar som har blitt råka av den pågåande Norwegian-streiken har kontakta Forbrukarrådet på grunn av tekstmeldinga dei får frå selskapet når dei blir informert om at flyet deira er kansellert.

Her står det nemleg berre at kunden gratis kan endra flybilletten sin, og ingenting om at kunden i staden kan krevja å få pengane sine attende.

– Me har hatt dialog med Norwegian om at me ønsker å få denne informasjonen på plass, men det ser ikkje ut som om det har skjedd, seier Ann Hege Skogly, seniorkommunikasjonsrådgjevar i Forbrukarrådet.

– Ikkje bra nok

Forbrukarrådet legg vekt på at det er ein fortvila situasjon for dei reisande å koma i, derfor er det viktig at dei får best mogleg informasjon snarast mogleg.

– Som forbrukarar må me få informasjon om alle alternativa me har, for at me skal kunne velja det som passar oss best. Så dette er ikkje bra nok frå Norwegian si side, seier Skogly.

Og rettane ein har når flyselskapet kansellerer eit fly eller når flyet er meir enn fem timar forseinka er å booka om til eit anna fly same dag eller å kansellera reisa og få pengane for billetten attende. Dette opplyser Norwegian om på nettsidene sine.

Allereie har mange Norwegian-fly blitt kansellert, men på tysdag er det varsla at 650 av dei skandinaviske pilotane blir tekne ut i streik. Dette vil få langt større konsekvensar.

Skal lenkje til rettar

– I Norwegian er me nøye med å informere passasjerane våre om deira rettar. Me har lagt informasjonen godt synleg på våre heimesider, og me opplyser i tillegg passasjerane om deira rettar på flyplassen, seier pressetalsmann Daniel Pilpel Kirchhoff i Norwegian.

– I tekstmeldinga passasjerane får legger me ved ei lenkje til passasjerrettar. Det kan sjå ut som om denne ikkje har blitt inkludert i nokon av dei sende kanselleringsmeldingane. Dette skuldast ein systemfeil, som me no vil sjå på, seier han.