Hopp til innhold

– Eg blir oppgitt og forbanna over at me ikkje har kome lenger

Karin Andersen (SV) meiner det burde vore langt større interesse hos norske bedrifter for å sponsa paralympics-stjernene i Norge.

London Paralympics Swimming

PARALYMPICS-DRONNINGA: Sarah Louise Rung tok to gull og to sølv under Paralympics i London. Men sponsorane står ikkje i kø.

Foto: Lefteris Pitarakis /Erichsen, Jarl Fr. / Ap/SCANPIX

– Etter mitt syn er Sarah Louise Rung den største idrettsutøvaren me har i Norge nett nå, seier nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Karin Andersen.

Ho reagerer derfor på at det ikkje er større interesse rundt idrettsutøvaren i næringslivet, som NRK skreiv om tidlegare i dag.

Bør sponsa dei beste

22 år gamle Sarah Louise Rung er eit døme på dette. Ho tok to gull og to sølv under leikene i London. Likevel har tidlegare sponsorsjef i DnB, Jacob Lund, lita tru på at sponsorane vil stå i kø.

– Eg blir oppgitt og forbanna over at me ikkje har kome lenger, seier politikaren om dette.

– Det ville ikkje vore mogleg å tenka seg ein liknande situasjon, om det var nokon som hadde gjort det like bra i OL. Noko som syner at desse idrettsstjernene må finna seg i å bli møtt av fordommar, seier Andersen.

Ho meiner at dette er ein gyllen sjanse for den nye NHO-sjefen, Kristin Skogen Lund, til å markera seg på ein positiv måte.

– Ho bør få norske bedrifter til å innsjå at det finst mykje kunnskap, talent og evne bak blindestokkar og rullestolar. Ei bedrift som knyter til seg Rung vil etter mi meining skyta gullfuglen, for er det nokon Norge beundrar nett nå, så er det ho.

– Lag og foreiningar treff breidda

SpareBank1 SR-Bank tildelte Sarah Louise Rung sitt største stipend gjennom den såkalla G9Alt-ordninga i fjor.

Men kommunikasjonsdirektør Thor Christian Haugaland, meiner sponsing ikkje plent er det rette for dei. Det passar betre for lagidrett, meiner han.

– Eg er kjempebegeistra, spesielt sett i lys av at vi me har vore med på å støtta Sarah Louise to gonger økonomisk. Me trur likevel at det er viktigare å treffa breidda, fleire unge, gjennom lagidrett, og så reindyrk individualistane gjennom G9Alt, seier kommunikasjonsdirektøren.

Andersen vil ikkje gå inn i enkeltbedrifter sine vurderingar. Men meiner at ein ikkje berre når breitt med lagsponsing.

– Det må vera deira sak, men det er nok av bedrifter som sponsar olympiatoppen og enkeltutøvarar, avsluttar Eriksen.