Hopp til innhold

– Det sjukaste og eklaste eg har sett i Stavanger

Stavanger Sportscafé hang opp RBK-flagg i samanheng med europaligakampen i går. Fleire Viking-supporterar er rasande og boikottar nå kafeen.

Tommy Nærland reagerer på Facebook-post

SINT: Tommy Nærland er tidlegare leiar i Vikinghordene og nåverande forsongar. Han meiner at det Viking treng nå er ein by som samlar seg rundt klubben.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK / SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK

Medan Stavanger sin store stoltheit Viking ligg nede for teljing, prøvde Stavanger Sportscafé i går å lokka til seg kundar med å henga opp Rosenborg-flagg utanfor lokala midt i Stavanger sentrum.

Dei skulle visa europaligakampen mellom Zenit og Rosenborg, men for fleire Viking-fans var dette meir enn dei kunne tolerera.

– Eg har ikkje ord for det. Dette er fælt. Det sjukaste og eklaste eg har sett i Stavanger. Du heng ikkje ut erkerivalen sitt flagg i byen på den måten der, seier Tommy Nærland. Han er tidlegare leiar i Vikinghordene, og er nå forsongar.

Laster Twitter-innhold

Mange sinte meldingar

Han la ut ein kjensleladd Facebook-post, der han mellom anna oppfordra til boikott av sportspuben, der mange Viking-supporterar har for vane å gå.

– I mange år har me vore her og brukt mykje pengar, me har hatt fleire julebord her og me har hatt mange arrangement her under bortekampar der me ikkje har reist sjølv, seier han.

Facebook-deling fra Tommy Nærland

Nærland seier samstundes at det er viktig å seia at nabopuben Beverly ikkje er blanda inn i det som skjedde torsdag.

Eit besøk på Facebook-sidene til Stavanger Sportscafé viser at det er fleire enn Nærland som reagerer. Bileta av Rosenborg-flagga er fjerna, og veggen er full av kommentarar frå skuffa supporterar.

Helt patetisk at dåkk klare å heisa opp RBK Flagg på denne pubben! Dette e ett viking land! Får isje en eneste krona fra meg mer! Slite med å ta opp Flagg te viking mn RBK??? Eg gremmes!!!

frå Facebook-sidene til Stavanger sportscafe

RBK flagg på Vikinghordene sin stamplass e ei STORE skam for Stavanger

frå Facebook-sidene til Stavanger sportscafe

Idiotisk å flagge for rbk, ein klubb som har støvsugd oss for de beste spillerne me har de siste sesongene...Her i byen ska det kun flagges for Viking!!!

frå Facebook-sidene til Stavanger sportscafe
Tommy Høiland

SNAKKIS I VIKING-GARDEROBEN: Tommy Høiland seier til NRK at han synst lite om Rosenborg-flagga i Stavanger-sentrum.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Får støtte frå nabo

NRK har så langt ikkje lukkast med å få fatt i innehavar av Stavanger Sportscafé, men det finst også Viking-supporterar som meiner at kritikken er uhøyrt.

Ein av desse er innehavar av nabopuben Dickens. Dei har vore sponsor av Viking sidan 1973, men innehavar Ståle Mørk har ingen problem med at naboen hang opp RBK-flagg.

– Det må gå an å halda med Rosenborg når dei spelar i Europa. Dette er ingen tabbe av Sportscafeen. Noreg treng eit lag i Europa, seier Mørk til NRK.

I rosenborgleiren har dei fått med seg diskusjonen. Dei har lagt ut denne meldinga på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Saka har også blitt ein snakkis i Viking-garderoben, fortel forsvarsspelar Kristoffer Haugen.

– Eg meiner dette blir heilt feil, seier Haugen til NRK.

Roar Åkerlund

SKUFFA: Vikings supporterleiar Roar Åkerlund.

Foto: Privat

– Eg skal i alle fall ikkje gå på den puben meir, seier Tommy Høiland, før han blir arrestert av lagkameratane, som spøker med at Tommy Høiland har slutta med å gå på pub.

Ekstra sårt

Viking er soleklar favoritt til direkte nedrykk frå eliteserien, og slit med økonomien. Fleire profilerte vikingspelarar har dei siste åra gått til nettopp Rosenborg, noko som gjer saka ekstra sår for Stavanger-folk. Roar Åkerlund er dagens leiar i Vikinghordene. Han slit med å forstå kvifor puben gjorde dette.

– Dei skal tena pengar og marknadsfører jo berre ein kamp dei sender, bør ikkje Viking-fansen tola det?

– Du må gjerne fortelja folk at du viser Rosenborg-kampar. Det er mange som vel å sjå Rosenborg i Europa, men du treng ikkje flagga som om det er ein supporterpub for Rosenborg, seier Åkerlund.