I Dagens Næringsliv i dag varslar Ulltveit Moe nedbemanning og knallharde kostnadskutt ved plogfabrikken på Klepp.
Han seier at han håper at jærens største industriarbeidsplass eksisterer om fem år, men at det avheng av at fabrikken tåler ei halvering av dagens produksjon.
Stein Mossige, som er klubbformann ved Kverneland på Klepp, kallar utspelet frå styreleiaren utidig.
- Folk er forbanna og frustrerte, dei meiner at slike utspel som dette ikkje høyrer heime nokon plass. Skal vi få resultata på denne fabrikken til å bli gode kan vi ikkje ha slike utspel, seier Mossige.
- Vi har informert dei tilsette om at vi står framfor ei omstilling, og det er eit arbeid som skal gjerast. Når dette arbeidet er ferdig, får vi sjå kva som vert konsekvensane. Å førehandsannonsera masseoppeeiingar er direkte uklokt, seier Mossige.