Hopp til innhold

Ein person skadd i tunnelras

Ein person er skadd i arbeidsulukke inne i tunnel.

Klokka 16.25 fekk politiet melding om eit ras inne i Solbakk-tunnelen, som er ein av Ryfast-tunnelane, som er under utbygging.

– Ein person skal vera skadd. Kor alvorleg det er kjenner me ikkje til, men han skal vera bevisst, seier operasjonsleiar Victor Jensen ved Sør-Vest politidistrikt.

Ambulanse og politi var på plass klokka 16.35.

Arbeidstilsynet er varsla.