NRK Meny

RANA I HAUGESUND:

Ein mann melde midnatt at han blei rana på open gate i Haugesund sentrum like ved Risøy bru på fastlandssida. Det var to menn på om lag 25 år som rana mannen. Den eine lys med kvit t-skjorte og blå dongeribukse og den andre mørk med skinnjakke. Ranarane fekk med seg lommebok, mobil og klokke. Ransofferet blei ikkje skadd. Politiet etterforskar saka.