Hopp til innhold

Rana butikktilsett med kniv, inne i butikken

Då den kvinnelege tilsette i Joker-butikken på Figgjo låste seg inn i butikken klokka fem, tysdag morgon, blei ho møtt av ein maskert mann med kniv.

Politibil utanfor Jokerbutikken på Figgjo

Politiet leitar nå etter ransmannen, som var maskert og iført svart og grå kjeledress.

Foto: Stig Rune Tangen

Politiet jaktar nå ein maskert mann som rana ein tilsett på ein Joker-butikk på Figgjo i femtida i dag tidleg.

– Gjerningsmannen venta inne i butikken då den tilsette kom på jobb. Han hadde kniv og trua til seg eit utbytte frå den tilsette, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i politiet Sørvest.

Den kvinnelege tilsette skal ikkje ha fått fysiske skader.

Politiet leitar nå etter ransmannen, som var maskert og iført svart og grå kjeledress.

Det er uklårt kor stort ransutbyttet er, opplyser Fenne-Jensen.