Hopp til innhold

Rajin (9) har venta på pappa i fire år

Sidan 2011 har Rajin (9) berre hatt kontakt med pappa Kamuran Kaplan via Skype. Men om få veker kan ho igjen seia god natt til pappaen sin på sitt eigen rom.

Naime og Rajin Kaplan

PAPPA PÅ DATA: Her i sofaen i heimen deira i Stavanger har kona Naime og dottera Rajin hatt kontakt med Kamuran Kaplan via Skype. Om nokre veker kan dei endeleg snakka ansikt til ansikt.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det blir fint å kunna seia god natt til han kvar kveld. Då får eg kanskje sova godt kvar kveld, for eg søv ikkje godt når han ikkje er her, seier niåringen i stova heime i Stavanger. Pappa Kamuran vart tvangsutsend av Noreg i 2011.

– Det har vore veldig tøffe år. Eg har sakna familien min, og no gler eg meg veldig til å koma heim att, seier Kamuran Kaplan til NRK via Skype frå Tyrkia.

Tvangsutsend i 2011

Kaplan vart tvangsutsend frå Noreg sommaren 2011 , medan familien – kone og tre born – vart verande att i Noreg. Sommaren 2014 bestemde Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg at utsendingsvedtaket var ugyldig, og dermed kunne Kaplan søka om familiegjenforeining i Noreg att.

No er søknaden innvilga, og i Stavanger sit det ein familie som fekk beskjed om noko dei nesten hadde gitt opp.

– Eg hoppa på trampolinen som ein gal apekatt då eg fekk vita det, seier Rajin.

– Eg ringde advokaten og spurte «Er det sant?». Me hadde på ein måte mista trua, men det var sant. Me er utruleg glade no, seier kona hans, Naime Kaplan.

Kamuran Kaplan på Skype

SLIK HAR DET VORE: Videokontakt via internett.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Vann mot Noreg i Strasbourg

I 1998 vart Kaplan sin asylsøknad avslått, og i 2010 bestemde Høgsterett at Kaplan skulle sendast ut av landet. I 2011 vart han henta i heimen sin og transportert ut. Sidan då har han budd på ulike stader i Tyrkia, fordi han hevdar han er på flukt frå tyrkiske myndigheiter.

I juni 2014 vann Kaplan mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. No, nesten eitt år seinare, kan han endeleg pakka kofferten og setja kursen mot Noreg.

Naime og Rajin (9) Kaplan

MANGE TIMAR FRAMFOR DATAEN: Det har det blitt for å halda kontakten med Kamuran i Tyrkia.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg kan ikkje arbeide her nede. Eg tenkjer berre på familien min heile døgeret. Eg er veldig glad for å få koma heim til familie og barn, seier Kaplan via Skype, og fortel at han vil byrja i jobben sin han hadde før han vart send ut.

– Eg er veldig takksam for alle som har hjelpt meg og saka mi, held han fram.

Manglar visum

Kamuran Kaplan

KJEM HEIM: Kamuran Kaplan.

Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

– Tida utan han har vore forferdeleg. Me saknar han, han saknar oss, me treng han og han treng oss, seier kona.

– Augneblinken då han landar på Sola, det blir fantastisk.

Det er berre praktiske ting som står att før han kan koma til Noreg att. Der går det endå nokre veker før han har beina trygt planta på jærsk jord på Sola.

– Blant dei praktiske tinga er at han må få visum. Det får han ikkje med det første, fordi ambassaden i Tyrkia er stengd denne veka, seier advokat Bent Endresen.