Hopp til innhold

Elevane sin «bilpark» er verdt fleire millionar

BRYNE (NRK): Rådyre firhjularar har blitt så populære at parkerings­kapasiteten på Bryne vidaregåande skule er sprengt. Rektor nektar å utvida.

A Bach

Andreas Bach (17) seier det er ei herleg kjensle å køyra til skulen kvar morgon. Inne i hytta på Rangeren hans er det både varmt og tørt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei har fire hjul. Ofte med hytte der det er plass til to personar. Prisen varierer frå nokre titals tusen til over 300.000 kroner. Og kvar morgon fyller dei opp parkeringsplassar på skular over heile landet.

Mopedungdommen har tatt det eit steg vidare.

Nå er det alle slags variantar av køyretøy med fire hjul som gjeld.

Dei kostar flesk, men fyller opp parkeringsplassane på dei vidaregåande skulane over heile landet.

Dei kostar flesk, men fyller opp parkeringsplassane på vidaregåande skular over heile landet.

Stor auke dei tre siste åra

– Det er rett og slett ei veldig god kjensle å køyra til skulen i «rangeren» min. Her er eg tørr, varm og god. Det er ein fin start på dagen, seier 17 år gamle Andreas Bach, som er elev ved Bryne vidaregåande skule.

Han køyrer ein såkalla UTV, eller ein ATV med tak, som kosta 150.000 kroner.

Han har montert på ekstrautstyr som blått ledlys, blinkande varsellys i taket og høgtalarar i golv og tak.

– Akkurat nå er det dette som er livet, seier Bach.

Og han er ikkje aleine.

Den siste tida har det vore ein boom på fire hjul her i landet. Dei siste ti åra har det blitt registrert ca. 50.000 firhjularar av typen ATV og UTV, meir enn halvparten av desse har kome dei tre siste åra.

Parkeringskaos

På Jæren er trenden lett å få auge på. På Bryne vidaregåande skule er det så mange som køyrer firhjularar at det har ført til parkeringskaos.

Mopedbilar, ATV-ar og UTV-ar står tett i tett.

– Det er fullt på parkeringsplassen. Derfor parkerer nokon ulovleg, nokon betaler dyrt for å stå på private parkeringsplassar, medan andre kanskje kjenner folk dei kan stå i gardsrommet til, seier Sandra Hodne.

Ho har sjølv blitt truga med tauing ein gong ho parkerte ulovleg på skulen.

Ein ulovleg parkert UTV på parkeringsplassen på Bryne vidaregåande skule

Her står ein UTV parkert ulovleg på Bryne vidaregåande skule sitt område.

Foto: Privat

Parkeringssituasjonen har blitt ei sak for elevrådet. Dei meiner skulen bør legga til rette for fleire parkeringsplassar. Men rektor seier nei.

Rektor Ingunn Folgerø

Ingunn Folgerø er rektor ved Bryne vidaregåande skule.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er verken parkeringsplassar til alle lærarane eller alle elevane på denne skulen. Skulen er plassert nære kollektivaksen, slik at folk kan koma seg til og frå med buss eller tog, seier rektor Ingunn Folgerø.

Ho legg til at dei som ikkje bur ved buss- eller togstopp sjølvsagt kan køyra, men ho oppfordrar alle andre til å bruka kollektivtilbodet.

Fleire elevar

Elevrådet peiker på at skulen er meint for 1600 elevar, men at den nå blir brukt av 2000 elevar. Dei meiner dette talar for utvida parkering, men rektor står på sitt.

– Det er nok mange som skulle ønska at det var fleire parkeringsplassar, men det er det ikkje, seier ho.

Ifølgje distriktsleiar i Trygg Trafikk, Ingrid Lea Mæland, er det ikkje bra at det kan oppstå parkeringskaos.

– Eg vil oppfordra skulen til å gå på synfaring og peika ut alternative parkeringar for elevane sine, seier Lea.

Ronald Alan Velasco

Elevrådsleiar Ronald Alan Velasco meiner at skulen bør utvida parkeringsplassen til elevane. Særleg med tanke på at det går 400 fleire elevar på skulen enn det skulen var meint for.

Foto: Mathias Oppedal / NRK